tirsdag 6. januar 2009

Bambi på isen


Bilete frå Google

I går kveld dalte snøen sakte ned under gatelyset utanfor, og la eit vakkert kvitt teppe over det meste, og i dag vakna me til pøsregn og IS på alle sidevegar. Eg lista meg avgarde i barnehagen med ungane, handla litt og lista meg heimover. No bur me i ein slik liten side veg. Eit lite stykke opp ein bakke, og inn til høgre. Hovudvegen hadde vorte køyrt bar, men då eg svinga inn vegen til oss var saka ei heilt anna. Eg kom meg opp til avkøyrsla vår, men der var det full stopp! Det vil seia at eg ikkje kom framover, men bakover gjekk bilen heilt på eige initiativ........Eg heiv bilen i fri (har automatgir), trakka bremsa i bånn, og drog opp handbrekket det eg makta, og der stod eg. Våga mest ikkje pusta, og i alle fall ikkje lea på meg. Far i nabohuset vart komandert ut med grus (sand hadde me ikkje) og strødde rundt bilen. Eg er litt usikker på om eg då var mest redd for å skli vidare bakover med bilen, og inn gjennom gjerdet vårt, eller at far i nabohuset skulle detta på klinkisen. Menn på 80 og speilis er som regel ikkje å anbefala med tanke på lårhalsar og andre bein.....Heldigvis datt han ikkje, men grusen hjalp ikkje på framdrifta heller, men etterkvart klarte eg å gli kontrolert bakover til litt bar veg, og vidare ned att i hovudvegen. Der køyrde eg godt ut i vegkanten og parkerte, og der står bilen no. I ettermiddag skal det verta kaldare og snø!!!!!!!! Trur eg må henta ungane tidleg i dag.



Etter denne skjelsettjande opplevinga måtte eg lage meg ein kopp kaffi, og setje meg ned til nevane slutta og skjelve. Då var det godt å finne denne frøkatalogen i posten. Den lovar varmare tider og vår!!!!!! Eg skal kosa meg med den i kveld når snøen dalar ned over isrestane.......No skal eg gå på loftet og ta fatt på ein del maleprosjekter. Eg skal leggja ut bilete etterkvart:)

Ha ein fin dag;0)

9 kommentarer:

Rådyrveien sa...

Uff, ikke stas å oppleve det der akkurat. Godt det gikk fint da, og så får vi håpe du får opp bilen igjen snart når det blir kaldere.

Good luck!

Hilde

Lisemoren sa...

Dette hørtes veldig ekkelt ut. Særlig å skli bakover helt uten kontroll.Håper du er kommet deg av skrekken. Bra du er så flink å ta deg inn igjen. Jeg koser meg enormt med frøkataloger, hagebøker og hagestoff. Og snart er våren her. Ikke noe stas med høljeregn oppå klink is. I dag har jeg lenset en sandkasse full av is med vann over. Vi kunne badet 40 barn samtidig der dersom det hadde vært meningen. Svømme kunne de og ha gjort, huff. Nei takke meg til våren : )

AnneGrethe7 sa...

uff, ikkje noko kjekt, men heldigvis enda det godt:)

Her ein dag var det slik med oss også, hadde vore snø og regnet sila ned. Då eg kom ut frå skulen eg jobbar på hadde det vorte speilblank is på vegen.....elevane stod i flokk og venta på skulebussen og der kom eg med hendene fulle av heimearbeid, skunda meg til bilen, låste opp, stakk den eine foten inn i bilen og svisj....der sklei den andre foten under meg og eg hamna så lang eg var under bilen....hihi...heldigvis slo eg meg ikkje noko særleg, men kliss våt i rumpa og veldig flau...elevane fekk seg i alle fall ein god latter :)

Ønskjer deg ein god tysdagskveld :)

Guttemamma sa...

Så ekkelt, godt det gikk bra! Grattis med ny heading, kjempefin!!

Bo med Lena sa...

Så bra du gleder deg til vårvarene kommer. Det gjør jeg også! Det er kjempespennende å plukke ut varer og se om det slår an hos kundene:)

Marianne sa...

Takk for hyggelig kommentar og at du vil "rolle" meg ; )
Jeg har akkurat som du studert frøkatalogen, og begynner så smått å planlegge våren. Sår de første frøa i februar, gleder meg!
Klem fra Marianne

Lisemoren sa...

Hei igjen, det ligger noe til deg inne hos meg : )

Jeanette sa...

Huff ikke no gøy!
Godt d gikk bra., kjenner den følelsen når bilen byrjar og skli.....
Ha en fin kveld videre! Brothers&Sisters nå :) :)

Therese sa...

Hei. Endelig har jeg ork til å ta meg en litt bloggrunde igjen. Så koselig å høre at smykkene falt i smak. Det er alltid like morro med positive tilbakemeldinger :D Også vil jeg jo helst at kundene blir fornøyd med det de kjøper, så det var godt å høre :)

Håper du får en fortsatt fin kveld. Her er det omgangssyke på gang. Men jeg kan vel ikke klage, siden det virker som om hele NIB har ligget nede med et eller annet i julen. Må vel ta min tørn jeg også ;)