søndag 16. november 2008

Familiesøndag

I dag har me hatt skikkelig familiesøndag. Mor i nabohuset inviterete heile gjengen på hjorte - og elg - steik. Det vil sei at me var 19 stykker med smått og stort, utruleg koseleg:) No er det jo sånn at mor i nabohuset er ikkje heilt ung lenger, og sjølv om ho er kjempesprek til å fylle 80 1.januar, er jo ikkje middag til 19 noko å kimsa av, så dessert og kaffimat gjek me saman om. Svigerinna mi laga ei ENORM skål med dronning Mauds pudding, og nydeleg kake, og eg hadde lova å laga sjokoladekjeks til å ha attåt isen. Men i går kom storbror over dette heftet som fulgte med då me handla vintersko, og etter at eg hadde lest titlane høgt ville han lage "Anna Banana kake"
Av og til er ho mor snill og gjer som ho får beskjed om, og eg laga "Anna Banana kake" til kaffien. Frøken dings - som heldigvis var feberfri i dag - og storebror stilte som kjøkkenhjelp og rørte saman kakerøra, og resultatet vart slett ikkje verst. I tillegg laga eg sjokoladkjeks som planlagt. Har funne oppskrifta på ein blogg som eg diverre ikkje hugsar namnet på , men dei er knallgode. Lagar deigen klar på førehand, og legg dei på plate og steiker dei rett før servering. Serverast varme med vaniljeis - mmmmmmmmmm.

Som nevnt ovanfor er frøken dings heldegvis mykje betre i dag. Takk og lov for Penicillin. Frå å vera glovarm og slakk i går kveld - sov ho til 10.00 og vakna feberfri! i dag. Ho er framleis slakk og tek lett til tårene, men likevel myyyyyykje betre:) No vågar eg å tru at det vert tur til Athen likevel. Billettane er bestillt, og takka vera mi snille svigerinne, reiser me onsdag ettermiddag, i staden for torsdag morgon, og får heile torsdag for oss sjølve før messa startar. Veit ikkje heilt korleis eg skal få gitt uttrykk for kor stor pris eg set på ho. Kikkar ho innom her (og det hender) får ho i allefall ein ide:) Ha ei flott veke!


8 kommentarer:

Jeanette sa...

Mmm d kjeksene såg veldig gode ut:O)
Så kosleg med så stort middag`s selskap, kjekkt når ein er mange rundt bordet!
Godt å høyre at frøkna er på bedringens vei:)
Og ikkje minst riktig God Tur!
Vi hørs!

Kaffekos sa...

Godt å høre at ho var bedre no. Ikkje kjekt når småfolka våre blir sjuke.
Kan tenka meg at den middagen var god ja. kjekt når familen kommer saman slik:)
Ha ein fin tur te Athen.

Lisemoren sa...

Kjeksene så deilige ut. Det er så koselig å bake med barna. Flott at lillevennen var bedre. Dere må nyte turen. Den svigerinna skulle jeg gjerne hatt kloen i : )

Solveig sa...

Hei hei:)
Har hatt et kjempe fint bursdags besøk! Tatt det mer med ro,og lå i senga nesten til gjestene kom! Deilig det og i forhold til det stresset jeg pleier å ha;)

Så koslig dere har hatt det i dag da! Må si det er imponerende at ei på 80 kokkelerer til så mange, er mye arbeid det.

De kjeksene så veldig gode ut,nam!:)
Godt med banan kake og!

Godt at frøkena di er bedre:)

Ønsker deg ei super uke:)

Ingunn LGF sa...

Hjelpes for en tøff nabo! 19 stk til bords er ikke småtteri. Ha en flott tur!

Klem fra Ingunn

Guttemamma sa...

Nam!!! Dere må jo få dratt..., og skjønner godt tankene dine om svigerinnen din. Sånt betyr enormt mye!! Klem

Tante Mimmi sa...

Imponerande bilpark!Mannen satt og kika bort..og så sa han"lurar på korleis det hadde sett ut med bilar om me hadde samla oss.." Då måtte eg kike bort- godt dåke har god plass i tunet!
Og mor di, 80??? Da hadde eg aldri trudd!?

Sjukdom her og i dag!(...)minsten. For sjuk til å væra i b.hagen, men for frisk til å gå på tomgang!;)

AnneGrethe7 sa...

..mm.her var det mykje deilig...og sjokoladekjeksa er berre heilt nydeleg, enkle å lage og ungane her i huset elskar dei...

God ferie og god betring til vesle- prinsessa :)

Klem