fredag 22. januar 2010

Noko gamalt.........

Drømmen om en eplehage har ein flott utfordring, nemleg å lage eit innlegg om noko som ein eig, men som ikkje  er nyinnkjøpt.  Utfordringa er herved tatt, og valget fall på denne gyngestolen:

Div bilder oktober 186

Denne gyngestolen hadde me i stova heime då eg var lita, men no har han flytta inn i loftsstova hos meg. I mellomtida har han tilbragt ein del år på garasjeloftet, før eg redda han inn i varmen att. At han no er trendy ante eg ikkje før eg såg siste utgåve av BoligPluss i går. Der stod nemleg ein so og seia identisk gyngestol avbilda i furu til den nette sum av 3935,- Medan denne:

pn_aksel_gyngestol_03                                          Gyngestolen Aksel www.purnorsk.no

i kvit kostar 6225,-!!!!!! Trur eg må på loftet å telja spiler i ryggen;) Men for meg har han, uansett om det er ein ekte Jærstol eller ikkje, affeksjonsverdi, og gjev meg mange gode minner:) Tar du utfordringa frå Drømmen om ein eplehage?

Ha ei flott helg♥

tirsdag 19. januar 2010

Busstrøbbel.

Eg har ei vedkjenning og koma med; Eg er LIVREDD bussar! Då snakkar me ikkje om at eg er redd for å ta bussen, for det er eg aldeles ikkje, men eg er livredd bussar når eg er ute og køyrer bil. Spesielt i dei områda der fartsgrensa tilseier at eg har vikeplikt!

buss

Når eg er ute å køyrer i 50 sona, og ser ein buss på busstoppet framføre meg, kjenner eg at pulsen stig, og eg byrjar og kaldsvette. Foten vinglar panisk mellom gass og brems, og hjernen går på høggir; Skal eg bremse opp i tilfelle bussen bestemmer seg for å slå på blinklyset og svinge ut, eller skal eg trø på gassen og prøve å koma bussen i forkjøpet. Gass - brems, gass - brems, gass - brems.......og slik held eg det gåande.

buss_599a

Når eg har nådd bakenden på bussen, er blodtrykket skyhøgt, og skuldrene godt forankra under øyrene. Augene er store og stirrande med blikket festa på venstre blinklys - blinkar, blinkar ikkje. Foten som har vingla mellom pedalane, bevegar seg ned på gassen, og eg fresar forbi. Phuuh, redda for denne gong.

960x

Det heile heng saman med ei oppleving der eg var passasjer, og hadde beste utsikt inn i sida på bussen som bestemde seg for å svinge ut, då me var godt oppe på sida av han. Eg la meg nesten over i fanget på sjåføren og var sikker på at bussen ville inn og handhelsa. Heldigvis tok bussen fornuften fatt og bremsa opp slik at me ungjekk nærkontakt, men eg har aldri hatt same forholdet til bussar etterpå.

ra_buss-jpg

Av ein eller anna grunn ser det ut til at mange bussjåførar meinar at dei ikkje treng å blinke i god tid FØR dei svingar ut, slik at sånne som meg veit kva pedal me skal trø på. Det held at dei blinkar i same augneblink som dei svingar, og resultatet er slike nervevrak som meg, som er overbevist om to ting:                                                   1: Ein dag får eg ein buss i sida.                                                                       2: Eg får ein dag ein bil langt inn i bagasjerommet, når eg trør bremsen i bånn for å UNNGÅ å få ein buss i sida.

Kanskje er det berre busselskapa sin strategi for å få oss til å la bilen stå og ta bussen. Då er ein i alle fall trygg............

Ha ein flott kveld:0)

Bilete henta frå Google biletsøk - søkeord Buss

mandag 18. januar 2010

Mandag!

 

Januar 2010 095

Etter å ha hatt sjuke ungar mesteparten av forrige veke, skal eg ærleg bekjenne at det er godt å ha huset for seg sjølv att. Godt å kunne sige ned i godstolen utan at nokon ropar på mamma etter ca 30 sek, eller går laus på kvarandre i mangel på noko betre å bruka energien på. Som de skjønar har dei nemleg ikkje vore kjempesjuke, berre nok til å måtta vera heime, utan å få lov til å gå ut. Men no satsar me på betre tider.

Januar 2010 108

På laurdag belønna eg meg med ein stor bukett med svakt rosa tulipanar. Nydeleg og vårleg.

Januar 2010 091

Buketten vart sett i min flotte Alvar Aalto vase. Eg har hatt lyst på ein slik vase i årevis, og for eit par år sidan kjøpte eg ein for pengane me fekk av mine foreldre til jul. Kvart år i Januar fyller eg den med tulipanar når jula vert kasta ut. Det finst mange ulike tulipanvasar, men eg må tilstå at eg ikkje synes nokon kjem opp mot denne:)

Januar 2010 111

På spisebordet har eg sett ein samanplantning med Primula. Og ein ting eg kjøper inn når jula går ut. Må liksom ha noko å kompensere med når alt stæsjet vert putta ner i eskene sine. Denne samanplantinga stod på bordet i jula og, men då med kvite minijulestjerner og kvite sviblar i staden for primulaene, så her er det til og med gjenbruk;) Duken er forøvrig ei handlaga bryllupsgåve frå ei tante av meg, og eg er kjempeglad i den duken.

Ha ei flott veke - Her satsar me på friske ungar:0)

tirsdag 12. januar 2010

Ein ny bestevenn........

 

.......kom i hus rett før jul. Det skulle eigentleg vera husbonden og min sin julepresang til kvarandre, sjølv om han juksa litt og det låg opp til fleire presangar under treet til meg, men det er ein annan historie..,,

Januar 2010 074

Me har begge snakka lenge om at me ville ha ein kafimaskin, men syntes det var litt dyrt. Så fekk eg ideen om at dete kunne vera julegåva i år, og når då naboen kunne fortelja at Elkjøp hadde dagstilbod på kaffimaskin 10.desember, var saken klar og kaffimaskina i hus.

Januar 2010 081

No er eg eigentleg typen til å tilbringa maaaaaange timar på nettet og leita etter testar for å finne den beste maskina i vår prisklasse, men denne gongen vart makina innkjøpt kun på eit kriterie - pris. Nokon test på akkurat denne maskina har eg ikkje funne, men andre Siemens kaffimaskinar kjem i alle fall bra ut, og me er særs nøgde:)

Januar 2010 083

Kaffien smakar nyyyydelig, Cremaen på kaffien er tjukk og fin, og når eg berre gidd å studere bruksanvisninga skikkeleg, skal eg nok klare å lage god Espresso, foreløpig har det gått i vanleg kaffi;) Sundag oppdaga eg at anten må Moccamasteren få seg ein skikkeleg rens, ellers så er det rett og slett berre eg som har vorte bortskjemt;)

Januar 2010 063

Her er kvardagen endeleg attende, etter julefeiring, og i helga har storebror feira 5 års dag 2 dagar på rad, med barneselskap på laurdag, og familieselskap på sundag. I dag har eg levert katten til sterilisering, før frk. dings var til øyrenasehalslege til kontroll, medan storebror fekk sitja og teikna på kontoret til tante (takk igjen til svigerinno;), før dei vart avlevert i barnehagen. No skal eg prøva å få bursdagsmiddagen til husbonden i ovnen (gratulera med dagen kjære), før eg hentar katten hos dyrlegen (takk til mor i nabohuset for kattehalding til og frå veterinæren - kven kan hugse å kjøpe bur sånn heilt utan vidare.....) og ungane i barnehagen. Joda, alt er attende til normalen.

Men i postkassa i dag kom denne boka, som ligg og ropar på meg:

Januar 2010 085

Eg gler meg til kaffi, bok og Greys i kveld................                                Ha ein flott dag:0)

søndag 3. januar 2010

Godt nytt år!

Då var jula over for denne gong. I alle fall nesten. Her i huset vert jula verande til etter den Gresk ortodokse jula som er 6 og 7 januar. Men dei late romsjulsdagane med kakao med krem til frukost, er historie. No er kvardagen attende, og det skal sant og seia verta litt godt. Kanskje vert det blogging att og? Her har juleferien tatt så pass overhand at eg knapt nok har opna pc`en.

Desember 093-2

Dermed er det tid for å ynskje dykk alle eit godt nytt år, og takke for det gamle, og det skal frk. dings få æra av å gjera:

Januar 2010 029

Ha ein fin sundagskveld, og ei god fyrste veke i 2010:)

torsdag 24. desember 2009

God Jul

Bilder Februar 156

I kampen for å unngå stress i julestria, er blogginga ein av dei tinga som har måtta vika, men no måtte eg inn å ynskje dykk ei GOD JUL!

Mitt hjerte alltid vanker, i Jesu føderum.                                              Der samles mine tanker, som i sin hovedsum.                                          Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt.                        Jeg kan deg aldri glemme, velsignet julenatt.

 

tirsdag 8. desember 2009

Juleavslutning

På søndag hadde søndagsskulen me går på juleavslutning, og årets avslutning vart lagt til ein flott besøksgard . Sjølv om det var kaldt, var være ganske bra, og lyset var heilt fantastisk, så kameraet gjekk varmt. Dette biletet er av eldhuset på garden, der me fekk servert bålkokt kaffi.

Desember 09 052 

Garden var pynta til jul, og sjølv sauene hadde fått ei adventsstjerne i vindauga.

Desember 09 043 Døra til fjøset var pynta med krans, og inne stod det både sauer, kyr og endå til ein hest som venta på å verta klappa. Frk dings klappa sauer til den store gullmedaljen, og sjølv om ei av kyrne prøvde å gje ho ein smellkyss, syntes ho det var heilt fantastisk.

Desember 091

I det gamle grishuset hadde dei samla mange skattar, og her hadde mange i bloglandia kikka til auga vart stort og vått.

Desember 09 059

Juleevangeliet høyrte me på låven, med "okse og asen" under oss, og me sang ein av dei vakraste nye julesangane eg veit om; Bjørn Eidsvåg sin "I en natt"

I en natt så klar og kald,                                                                                   av en ung og tapper mor,                                                                                     i en krybbe, i en stall,                                                                                    fødtes håpet til vår jord.                                                                                  Så umerkelig, så stille,                                                                                  byens gater helt forlatt,                                                                                ingen opptog for den lille,                                                                             lyset kom en vinternatt.

Gjeterne satt rundt sin grue,                                                            skremtes opp av lys og lyd,                                                               himmlen stod i veldig lue,                                                                      engler sang om fred med fryd.                                                                  Ikke frykt - vær ikke redde,                                                                          Gud er kommet til vår jord,                                                                           nå i natt var det det skjedde,                                                                              gå til barnet og hans mor.

I det stille, til de små,                                                                              bringer Jesus håp og fred,                                                                              og han kommer da som nå,                                                                            fra sin himmel til oss ned.                                                                    Julenatt med lys og glede,                                                                       miner oss om Gud som kom,                                                                            evig er han her til stede,                                                                                     nå står grav og krybbe tom.

 

fredag 4. desember 2009

Etterlysning!!!!

Bilder desember 015

Har nokon sett julestemninga ?????????? Eg les blogg etter blogg, der pepparkakedufta breier seg i huset, medan pakkane vert innpakka i lekkert papir med heimelaga nostalgiske merkelappar. Julemusikken kling i bakgrunen, og grønsåpedufta vitnar om nyvaska kjøkenskap. Det rett og slett osar julestemning i bloglandia, MEN IKKJE HER!!!! Eg er for ein gongs skuld tideleg ute til meg å vera. Julekorta ligg klare for utsending, og mesteparten av pakkane er i havn men JULESTEMNINGA ER TOTALT FRÅVERANDE!!!! Resultatet er at eg ikkje kjem i gong med noko av det andre eg skulle ha gjordt før jul.

Herved er etterlysninga sendt ut: Har du litt julestemning til overs, så send ho hit umiddelbart! Ellers kjem jula til å kome som julekvelden på kjerringa........

I morgon prøver eg å bake pepparkaker med ungane, og sette julemusikken på full styrke. Kanskje det kan hjelpe.......

onsdag 2. desember 2009

Adventstid - ventetid

 

Ventetida kortar me med ein adventskalender. Eg har lurt litt på korleis eg skulle gjere det i år. Tidlegare har me hatt sjokoladekalender, som me stort sett har gløymt å opna, men no er ungane så store at eg ville finna på noko anna. Pakkekalender med gåver til begge to kvar dag, var heilt uaktuelt. For det fyrste hadde vimsete meg, aldri klart å få 48 pakkar på plass før 1.desember, og for det andre har eg ikkje lyst til å bruke mykje pengar på kalenderen. Eg synes ventetida kan handle om noko anna enn pakkar, dei kan me gøyme til julafta. Heldigvis kom naboen med eit glimrande forslag, som eg kasta meg over med ein gong. Her er resultatet:

Desember 09 021

Sjølve kalenderen har eg brodert ca halve, og så overtok ei snill tante av meg, og fullførte resten;) Observante lesarar vil sjå at eg ikkje har sett ringar på, og nett no trur eg faktisk ikkje eg kjem til å gjera det heller.

Desember 09 010På denne måten dekkar ikkje pakkane over biletet, og me slepp å sjå på alle dei fristande pakkane som heng att. Sidan eg har sagt eg ikkje skal ha pakkekalender, lurar du kanskje på kvifor det heng pakar på kalenderen............Inni pakkane ligg det figurar frå ei Playmobil julekrubbe, og me set inn nokre figurar kvar dag.

Desember 09 013 

Så langt har me fått på plass engelen Ariel og engelen Gabriel           ( som storebror høglytt fastslo ikkje var ein engel men ein bonde, som atpå mangla capsen.........) frå Simon Flem Devold si adventsbok.

Desember 09 011

Det er nemleg del tre. Kvar dag les me eit kapittel frå denne kalenderboka, og i løpet av adventstida får me sjå om Ariel klarar å synge Ære Være Gud i det høyeste, i staden for Elle melle Gud i det høyeste.  Ungane synes det er kjempekjekt, og eg kosar meg med historien eg og. I tillegg synes eg det er kjekt å prøve å finne figurar som passar til dagens avsnitt.

Desember 09 017

Tusen takk til tante mimmi for tips til ein super kalender, som faktisk fokuserar på kva ventetida og jula handlar om - Jesus. Og når ungane vert større fortset me berre med neste steg, min julekalenderfavoritt - Jostein Garders Julemysteriet. Foreløpig er det min julekalender, og er varmt å anbefala til litt eldre ungar, og vaksne :0)

Desember 09

Her har eg forresten ei etterlysning. Er det nokon som har den "blå" praktutgåva av julemysteriet, og som ikkje brukar den? Vil du selja den så ta kontakt, for eg skulle veldig gjerne hatt akkurat den utgåva. I denne utgåva er det, som du ser på biletet, skore eit hol i den kvite sida framføre biletet, slik at det vert nesten som ei kalenderluke, og så må du ble om for å sjå heile biletet. I seinare utgåver er biletet berre trykt på denne sida........Som sagt, står denne utgåva berre og samlar støv hos deg, så ta kontakt;)

tirsdag 1. desember 2009

Heldige meg.......

 

........som fekk vera med naboen på tur! Då eg fekk høyra at ...tante mimmi.... skulle ut og selja ringar på julemarknad i idylliske Rosendal, melde eg meg frivillig til å vera med.

November09 110

Svigerinno og eg hadde allerede snakka om å reisa dit, og sidan ho hadde tilgong på hus, slo me til med ein overnatting og. Det enda med at me var 4 damer som tok turen innover - kjempekoseleg. Tuuuusen takk kjære nabo for at eg fekk vera med deg på tur. Eg stiller neste år og om eg får lov:0)

November09 076

Her myser eg inn i boda til tante mimmi, og eg kan lova dykk at det til tider var trengsel rundt alle dei flotte ringane og smykkene. (Tøtta med den raude posen er meg.....) Ta turen innom til tante mimmi sin butikk; "På nytt", på epla om du er på jakt etter ein unik julepresang. Sjølv brukar eg hjartesmykket mitt nesten dagleg:)

I morgon skal eg vise dykk  julekalenderen her i huset, så følg med;)

søndag 22. november 2009

Når regnet høljar ned....

........kan ein jo kose seg med gode sommarminner.

Sommer 2008 017

I fjor sommar besøkte me ei god venninne på Læsø i Danmark, og her nyt storebror "sydenstranda". Snart snur sola.......

fredag 20. november 2009

Det står til liv.....

 

Ikkje mange livsteikn her for tida, men eg er då fortsatt til stades. Dagane fyk avgarde utan at eg er heilt sikker på kvar dei vert av. Dette bilete vart tatt tidleg sundag morgon, då eg hadde nokre minuttar for meg sjølv før dagen starta for fullt. Pottene på miniorkideane er faktisk nokre telysestakar som har fått nytt liv som blomepotter:)

November09 018

Mor i nabohuset inviterte på elg og hjortesteik, og eg hadde meldt meg frivillig il å steike hjortesteika, sidan mammo skulle steike elgen, og det trass alt er begrensa plass i ein steikeovn. Då steika var i ovnen, og ungane påkledde, bar det til kyrkja der storebror fekk 4 års bok. Stor stas:)

November09 041Etter middagen bar det vidare til eit venepar, der far i huset hadde bursdag, og slik har det fortsatt heile veka føles det som. 

Då er det godt med litt masasje. Eller det var i allefall det eg tenkte då eg fekk husbonden til å bestille thaimasasje til meg. I dag har eg vorte knadd og masert etter alle kunstens reglar, og eg har berre ein ting å seie; Fyttigrisen så vondtgodt. Eg har dårlege skuldre, og ein litt kranglete rygg, og masasjedama fann ALLE ømme punkt frå nakke til rumpe!!!!!!! Innimellom, når ho la inn dei lange deilege masasjebevegelsane tenkte eg at dette var godt, men før eg rakk å fullføra tanken, sette ho inn eit nytt støt mot mine ømme musklar, og eg kunne kjenna korleis overkroppen automatisk løfta seg når ho trykte på dei ømme punkta på min edle bakpart. Mest bekymra vart eg då eg merka ho tok av seg sokkane, og faktisk byrja å GÅ på låra mine før ho prøvde å slå knute på føtene mine. Jammen godt dama var liten og vever.

Thai1_compressed

Bilete frå Touched by love

Det verste er t eg lova å ringe å bestille ny time før jul. Trur eg må ha vore bevistlaus i gjerningsaugneblinken. Men vondt skal vondt fordrive, så eg stiller vel opp......Dessuten var det jo nokre behagelege augneblink innimellom;)

God helg:0)

fredag 6. november 2009

Javisstnei!

Sjølv om eg ikkje ser slik ut, så er eg faktisk opptatt av sunt kosthald. Innerst inne kunne eg godt tenkt meg å verta ernæringsfysiolog, men 6 års utdanning lokkar ikkje. I tillegg prøver eg som best eg kan å vera miljøbevisst. Dette viser seg av og til å kræsje med eit brak! Det er jo slik at ein helst skal eta økologisk, kortreist mat for å vera sunn. I tillegg er det jo ein fordel at ein likar den maten ein skal ete.

avocado

Eg er foreksempel veldig glad i Avocado, og den er jo full av sunne, umetta fettsyrer. I ernæringsperspektiv er dette JA!!! mat, men i miljøperspektiv er det NEI!!! mat, då avocado trass alt må ut og fly for å koma til Norge.

Tomat%20og%20agurk_29,5_41,5_IT2008

Bilete av Ingjerd Thurmer

Tomat, agurk og mais er essensielle ingrediensar i ein hvilken som helst salat, men kan vel heller ikkje seiast å vera miljøvenlege. Vel kan ein få norske agurker og tomater, men dei må jo dyrkast i drivhus, som treng elektirsitet for å varmast opp osv.......

a69174ee50

Og så er det jo appelsiner då!! I desse svineinfluensatider skal me jo helst innta litt ekstra c-vitamin for å ha litt ekstra på lager til å bekjempe skumle basillar, men appelsiner vert i alle fall ALDRI kortreiste så lenge me bur i Norge, altså heller ikkje miljøvenlege. No er jo kålrabi full av c-vitamin, så eg kan jo eta den i staden, men eg veit ikkje om det vert heilt det same å skrelle kålrabi på skitur? For ikkje å snakke om kor rart det ville sjå ut å sette kålrabiskåla fram til jul, i staden for mandariner og appelsiner......

1_2988235!img2988173

Kanskje det er difor eg har klart å kvalifisere meg til kategorien overvektig. Det er så vanskeleg å finne miljøvenleg, kortreist mat at eg trøystar meg med sjokolade????? No er jo ikkje den spesielt kortreist sidan kakaoen må flyast inn, og sidan eg som oftast nyt den saman med kaffi, som heller ikkje vert hausta i Noreg er det vel ikkje akkurat miljøvenleg........

1200056146467_602

For å kompensera sjokoladen har eg byrja å trena. Eg har alltid høyrt at TRENING er det viktigaste for å gå ned i vekt, så sunn mat og trening 3 gonger i veka måtte ordna den saken. Neida, trur du ikkje eg LA PÅ MEG!!!!!! Svaret fann eg i eit blad litt seinare. No har dei funne ut at  om du berre trenar, men et det same som før, er det ikkje sikkert det verkar, for det er MATEN som er det viktigaste for å gå ned i vekt. JAVISSTNEI!!! Dessutan visar det seg at ein ofte belønnar seg sjølv med litt ekstra mat når ein har trent. Hmmmm. Eg trur eg må ta meg ein langreist, usunn sjokolade, og ein kopp kaffi for å fordøye slike nyhende, og for å samle krefter til å jakte på kortreist, miljøvenleg, sunn mat.

Ha ei god helg:0)

Bilete frå Google

tirsdag 3. november 2009

Endeleg..........

....ut av denne skåla....

Oktober 161

.....har eg fått trekt ein vinnar i jubileumsfeiringa mi. Då eg bestemte trekningsdatoen hadde eg heilt gløymt ut at me skulle feira pappens 80 års dag heile helga, og at eg ikkje ville rekke å trekke før helga var over. Men no er det gjordt, og den heldige vinnaren av Bodyscrub vart:

Oktober 164

Gratulerer Anette. Veldig kjekt at det vart akkurat du som vant, me starta jo samstundes, og har fulgt kvarandre dette året. No kan du ta deg ein liten pause, og nyte effekten av olivenolje og dødehavsmineraler før julestria set inn:)

Trøystepremie går til:

Oktober 166

Lykkeliten, og Kirsebær!!! Gratulerer til dykk og. Kanskje julestria vert litt enklare med Madrrassrensen, som er super til reingjering av ulike stoffmøblar. Spray på, vent litt, og tørk over med ei fuktig microfiberfille. Lykke til:) Mail meg adressa dykkar, så kjem pakke i posten:)

Har nokon lyst til å vite meir om Norwex sine miljøvenlege reingjerings, og hudpleieprodukter, så berre ta kontakt på henrieta@online.no.

Ha ei flott veke:0)

torsdag 29. oktober 2009

Hva sker`a........

Baghera? Ingen ting Tingeling...... Og det skulle vel oppsumera det meste her i heimen, og gje ei lita forklaring på den store stilla på bloggen;)

 April 2009 161

Husbonden har vore vekkreist i 14 dagar, og kjem heim i dag. Kombinert med at eg har vore litt ute av drift pga. ei lei forkjøling, har eg rett og slett ikkje hatt overskot til noko som helst, og har knapt nok vore innom bloglandia.

April 2009 188

Det mest spanande som har skjedd, var vel då me måtte på legevakta og plukke ein legodiamant ut av nasa på frk.dings.....Ja,ja det var i alle fall ikkje Nabbiperler, og me rakk akkurat fram til kinoen i tide slik at me fekk sett Knerten. Må tilstå at då tida gjek på legevakta utan at me kom inn, og eg hadde billettane til filmen i veska, var eg rimeleg klar for å gå, med diamant i nasa og det heile, og kome attende etter filmen;)

Oktober 088

Noko hyggeleg som har skjedd var pakken i posten frå Ralfefarfarsparadis. Eg var så heldig å vinne på bloggen hennar, og fekk alle desse godsakene i posten. Snakk om heldiggris:0)

Oktober 095

Stikk gjerne innom denne koslege bloggen og legg att ei lita helsing. Ho har nett mista minsteguten, og fortener litt ekstra varme.

Oktober 034

Desse blomane er til deg. Tenker på deg:0)