
I dag har eg og ungane vore heima. Storebror har hatt feber, og frøken dings brukte store deler av natta på å kvitta seg med maten ho hadde inntatt dagen før. Men for begge to har forsåvidt formen vore stigande utover dagen. Mor i nabohuset pleier alltid å sei at den verste tida når ein har sjuke ungar, er når dei er nesten friske att. For sjuke til å få vera ute, og til å gå i barnehagen, men så friske at det er kjedeleg å vera inne. Mor i nabohuset har rett. Eg insåg forholdsvis tidleg på dagen at eg måtte finna på noko, så eg foreslo å baka vanilje bollar, og forslaget vart motatt med jubel. Dei som kjenner meg, veit at desperasjonen må ha vert forholdsvis stor, for gjærbakst er ikkje det kjekkaste eg veit, men kva gjer ein ikkje;-) Storebror og frøken dings kappast om å røre så mjølet skvatt, og frøken dings foretok stadige prøvesmakinar av deigen. Resultatet - Nydelege boller og glade ungar, så då gjekk alt etter oppskrifta;-)

Eg sådde tidleg i vår ein slyngplante som skulle bløma med store blå klokker. Eg sette ein av plantene på trappa, og gledde meg til å få eit vell av blomar til å ynskja velkomen med. Dengang ei. Ikkje ein blom har dukka opp, men seint på sommaren dukka det opp noko som eg rekna med var ein knopp, men ingen ting meir skjedde. Så, endeleg var ting i ferd med å skje. Blomen var innen rekkevidde. Då var ulukka ute, blomen vart riven av. Då var det berre ein ting å gjere - reddast det som reddast kan - blomen vart sett i vatn, og så får me sjå. Kanskje utviklar han seg inne i varmen. Den som lever får sjå..........

Sjølv om det ikkje minnar mykje om ei stor blå klokke, synest eg faktisk blomen var fin likevel. Vasen blomen står i, er ein vase eg forelska meg i, i Jerusalem for mange år sidan. Den er handlaga/munnblåst glas sett ned i Jerusalemsstein. Eg synes han er utruleg elegant, og brukar han ofte til ei enkelt rose, eller ein anemone. Vakkert.