tirsdag 14. april 2009

Og vinnaren er...............

Rosa med den koselige bloggen Rosa univers. Trekkinga vart gjort på den enkle måten, svigerinno fekk mld via SMS om å gje meg eit tal mello 1 og 15, (ein hadde lagt att to koseleg komentarar;) og vinnaren vart altså nr 7 - Rosa!!!!! Og gevinsten er:

April 2009 222

To unike mikrofiberklutar frå Norwex i vårens fargar, sidan me trass alt er i April. Ein klut til vask evt støvtørring, og ein poleringsklut til bruk etter vask, for ei skinande blank overflate. Dette er jo ikkje noko som ser spesielt fint ut, og dei er verken Shabby Chic eller prega av nostalgiske motiv, men utruleg effektive og miljøvennlege!!!!!! Med desse er vinusvasken unnagjort på 2 minutt, utan bruk av noko anna enn klut og vatn!

April 2009 208

Her er kjøkenvindauga mitt før bruk av klutan i dag, kyssemerke på innsida, og eit tjukt lag av sand, salt og skit på utsida. Vel halvtanna minutt seinare, etter vask innvendig og utvendig, såg det slik ut:

April 2009 210

Kjapt og effektivt, ingen kemikalier. Klutane er og supre på TV skjermar, glasbord, keramiske platetoppar, speglar, vaskar, osv........Klikk på linken lenger oppe og les om du er interesert:) Norwex har og supre, økologiske hudpleieprodukter, og vert foreløpig kun seld på homeparties, og snart via ny nettbutikk. Så då håpar eg berre at vinnaren vert fornøgd:)

Er du interesert i å vite meir, eller om du bur i Sunnhordlandsdistriktet og har lyst å ha eit homeparty, kan du ta kontakt med meg på henrieta@online.no så kjem eg gjerne på besøk:)

4 kommentarer:

Rosa sa...

Eg trur ikkje mine eigne auger - eg vann!

For ei dårleg husmor som meg må jo det der vere midt i blinken - eit spark i baken mot forbedring! Sender deg ein mail, eg ;O)

Guttemamma sa...

Woe,dette høres jo fantastisk ut!! Hvor kan de kjøpes??Og grattis til Rosa!!

Tante Mimmi sa...

Suuupre klutar! Greit med påfyll hos naboen!;) 6 stk er eg vel oppi no?! Du kan jo berre kikke over hekken og sjå kor det skin her borte! Einaste bakdelen er at ein må halda i kluten- eg er litt på jakt etter slike klutar som jobbar sjølv!

SynnePynne sa...

Må bare kommentere på hyttebildene dine. Dere har fått det utrolig fint og koselig. Kjekt å følge med på oppussingen, håper det kommer flere bilder.