fredag 4. september 2009

Hmmmmmmm…..

 

Då har eg parkert med PC`n på fanget klar for litt fredagsblogging, for ein gongs skuld med godt samvet. Eg har nemleg byrja eit nytt og betre liv, og tilbragte 50 min svettande på spinnigsykkelen, noko som kjennes utruleg godt. Eg har i ein periode tidlegare gått jamnleg på spinning, og synes det var kjempekjekt. At reultatet var ein lettare og stramare kropp var sjølvsagt ikkje til å forakta. Sidan det no er over 1 år sidan sist, har ting skjedd. Plutseleg gjekk ikkje bukseknappen att, og oppoverbakkane vart frykteleg tunge. Dette kan sjølvsagt og ha ein viss samanheng med at sommarferien har innehold ein heil del god mat, inntatt med Ole Brumm haldninga, ja takk – begge deler……Dermed har eg altså på nytt funne fram den utruleg sexy sykkelbuksa, med ekstra padding på min edle bakdel, og hengt lapp på kjøleskapet med spinnig mandag , onsdag og fredag…………..

Spinning1-main_Full

Eg hugsar forresten fyrste spinningtimen eg var på. Etter å ha vore fråverande frå alt som minna om trening i årevis, lokka ei venninne meg med på 60 min spinning!!!! 20 min ut i timen var låra gele og tunga hang som eit slips, medan eg meir eller mindre hang hvesande over sykkelstyret. Kvar gong me skulle stå var eg lukkeleg fordi baken verka som besatt når eg nerma meg sykkelsetet, medan eg samstundes kjende korleis låra dirra og tenkte eg aldri ville klara å stå i 10 sekundar til. Det utrulege var at eg faktisk likte det!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Eg som aldri har likt kondisjonstrening, og synes toppen på lukke er ei god bok i ein god stol med sjokolade og kaffi innan rekkevidde.

 _sjokolade_jpg_534499g

Men, no har eg insett det: som sjokoholiker MÅ eg ut av godstolen av og til, ellers vil eg til slutt sitte fast nedi der. Altså,  frå no av er eg å treffe på treningssenteret 3 gongar i veka. Onsdag inkluderar eg 30 min styrke. Denne veka var fyrste gongen, og instruktøren var glad for å sjå meg att sa ho. Dette feira ho med å legge på litt ekstra vekt på maskina mi – eg måtte jo kjenna det sa ho. Det skal eg lova at eg har gjordt. I dagmorges vakna eg kl 06.00, og fekk ikkje sove att pga gongsperr i armane. Det var faktisk berre så vidt eg klarte å lette armen opp i skapet etter Paraceten slik at eg skulle orke å gå på spinning…….Ja,ja, ein må lide for skjønnheten seier alltid mor mi, og øm i rumpa, og støl i bein og armar må eg sei meg enig;)

 styrketrening2

 

God helg. Eg har alt feira med litt Belgisk sjokoladeis. Eg har jo trimma ,så då kan eg jo unna meg litt helgegodt – eller………

Bileta har eg leita opp på google.

7 kommentarer:

torleif ann karin sa...

Hei.
Godt innlegg, jeg jkjenner meg igjen. Som "gammelmamma" (var 40 da jeg fikk mi siste) og full jobb, så blir det ikke mye tid til egenpleie/trim. ha stadig dårlig samvittighet, og rumpe/lår blir også stadig større hi-hi..Jeg hadde noen "gode" år mellom de stor barna, og nå dene lille, hvor jeg fikk tid til trim 3-4 ganger i uka. Og ja det merktes godt, ble strammere i fisken, og mere overskudd. vel, det kommer nok tider, men akkurat nå synes situasjonen uholdbar. Jeg finner ett og slett ikke tid.
Sjokoman er jeg også hi-hi- Noen laster skal en vel ha.

Fine bilder fra Paris, var der selv for 6 år siden, og de vekket gode minner.

Ønsker deg en knakende flott helg....Stå på!

Klem Ann<3

ps*konkurranse inne hos meg.

torleif ann karin sa...

Jaja, det ble en del skrivefeil, men sånn er det når det skal gå fort.

Guttemamma sa...

SÅ flink du er!!! Lykke til og stå på!! Ja tenk,Henriette nå kan bloggene våre snart feire ettårsdag...ha en fin helg!!
klem

Rosa sa...

Så flink du er! Eg har aldri prøvd spinning, men saman med mor mi prøver eg no å få til trimturar 3 gongar i veka - og det gjer godt både for kropp og sjel! Saman med eit litt gjennomtenkt kosthald håpar eg at resultatet er litt mindre verandakassar over bukselinninga utover hausten ;) Og du - eg er og sjokoholikar - hardt ramma!

Nydelege paris-bilder, dit vil eg gjerne reise ein gong.
God helg vidar!

Lisemoren sa...

Velkommen i sykkel og trimmegjengen Henriette. Jeg orker riktignok ikke helsestudioer, men sykler til og fra jobb tre ganger i uken. Siden jeg bor på en høy ås, eller oppe på fjellet, som ungene forteller sine gamle venner fra sentrum, har det litt av samme efeekten vil jeg tro.

Jeg er som deg, gi meg en bok og noe godt og jeg er i himmelen, sukk. Men for en energi man får av å trimme, det hadde jeg aldri trodd på forhånd. Det er supert. Nå gjelder det bare at vi klarer å holde koken fremover, og ikke faller tilbake til gamle synder, leer.

Klem fra Lismoren.

Linda S sa...

Lykke til med treninga! Det minner meg på at eg burde bruke trimsykkelen min snart ;)
Eg kom litt igang med treninga etter ferien, for eit par veker sia :)

Anonym sa...

Es war und mit mir. viagra f?r die frau kaufen levitra rezeptfrei [url=http//t7-isis.org]cialis kaufen[/url]