tirsdag 22. september 2009

Framgong på prinsesserommet

 

September

Joda, det går på fram. Senga er på plass, og prinsessa søv for første gong i den nye senga i natt. Det vil seie,  ny er ho jo ikkje. Pappen kunne fortella meg at ho vart innkjøpt til min eldste bror, som fylte 50 i fjor, så det vil seie at senga faktisk er 51 år:) Alle me syskjen har sove i ho, så eg synes det er litt koseleg å ta ho i bruk til frk. dings. Ei prinsessekrone vart innkjøpt på Skeidar i dag, og vips vart det ei prinsesse seng. Sengeteppe er eit nydeleg vattert teppe frå Princess (hi,hi prinsesse på alle kantar), med roser på eine sida og rosa og grøne striper på den andre. Teppet vart kjøpt til halv pris i dag, og kosta den nette sum av 199.-. Veggen som skal få prinsessetapet og brystningspanel, har no fått "sparkel på rull" på plass, og er klar for prinsessetapeten i måro:)

Det ser ut som om me er i rute. Følg med for nye oppdateringar:)

8 kommentarer:

Anonym sa...

Synst taklampen din var kjempefin, og lurte på om eg kan vera så freidig å spør kor du har fått tak i den?

SynnePynne sa...

Så flott rommet til prinsessa blir, den lampen du har fått tak i var jo kjempe flott. Jeg var rett inn på ellos og kikka etter den, men fant den ikke.
Senga er kjempefin da, jeg ønska meg veldig en slik seng til A når ho skulle inn på eget rom, men faren var ikke enig. Har uansett skaffa meg en slik seng som A sover i hos mine foreldre :-)

God Onsdag!

Lykkeliten sa...

Hei!
Ser ut til at dette blir et rom som er en prinsesse verdig altså. Kjempesøtt!

Jeg lurer fælt på hva "sparkel på rull" er?
Skal pusset opp et av barneromma her, og jeg hater å sparkle siden jeg aldri får det skikkelig pent....

Bea sa...

Så fint rommet blir:o)
Så heldig dåkker er som har en sånn flott barneseng som går i arv.

Klem Bea

Rosa sa...

Så fint det blir!

Kosleg med slike arve-senger. Det er ei slik storesyster har sove i, og som vetlesyster umerkeleg har overteke iløpet av sommaren ;)

Guttemamma sa...

Herling rom til dingse-berta!!

Henriette sa...

Taklampen er køpt på Ellos i fjor haust, men det ser ut som om dei ikkje har han lenger......Var inne å kikka sidan Blomster i hagen ikkje kunne finna han, men eg fann han ikkje eg heller.

Anonym sa...

Rommet blir nydelig! Koselig med møbler som har en historie!