fredag 8. mai 2009

Fridom

 

frigjXringsdagen

Mine foreldre er så gamle at dei var tenåringar under krigen.  Onkelen min var med i motstandsrørsla, og sat i tysk fangenskap ein periode. Kva han opplevde veit me ikkje så mykje om, for han ville aldri snakke om det, men mareritta plaga han til den dagen han døyde. Når foreldra mine fortel om frigjeringa, og  den gleda dei følte då, gjev det meg tårer i augo, og er nok ein medverkande årsak til at eg likar å markera 8. mai. Ikkje på noko storslått måte, men eg brukar å heise flagget, dvs henge ut balkongflagget, og eg synes det er litt trist å sjå alle dei nakne flaggstengene rund om kring. Me har så mykje å vera taknemlige for, og eg synes det å flagge er ein fin måte å markere fridomen vår på.

norsk_flagg_stang

Kanskje ein anna  årsak til at eg markerer denne dagen, er at eg er gift med ein mann frå Betlehem. Heller ikkje for han er fridom ein sjølvsagt ting. Då eg budde i Jerusalem opplevde eg at han stundom måtte avlyse møta våre pga at det var skyting i Betlehemsområdet. Eg fekk sjølv oppleve at "grensene" vart stengt og me måtte bli i Betlehem pga skyting, medan Israelerane skaut rakettar frå helikopter 1km vekke. Ikkje spesielt kjekt. Men eg har og Israelske vener, og har fått erfare på kroppen at ein konflikt alltid har to sider. Å høyre smellet, og kikke ut hotellvindauga og sjå politi og ambulansar samle seg der ein sjølvmordsbombar har sprengt seg sjølv i lufta, eller sitte på bussen og lure på kva personen i nabosetet har i pakken sin;" kan det vere ei bombe", er ikkje  kjekt.......

Mars 317

Dette saman med historien mamma fortel om soldaten som kom inn på kjøkenet deira, opna lommeboka, tok fram bilete av familien sin, medan han grinande sa; "Nict mehr, tot" har lert meg at ein krig er uønska av dei fleste, og innerst inne ynskjer alle berre ein ting: Eit liv i fridom for seg og familien. Difor: Heis flagget i dag, og vis på den måten at du set pris på den dyrebare, og dyrt kjøpte fridomen vår.

(Eg skulle gjerne sagt at flagget no vaia på verandaen vår, men 5 min etter at eg hadde hengt det ut var det borte vekk. Heile opphenget hadde blese ned.........)

Bilete nr 1 og 2 frå Google

4 kommentarer:

Guttemamma sa...

Rene høststormen her i dag og! Et viktig innlegg fra deg i dag, vi har snakket masse om det i klassen i dag og selvsagt hjemme med barna!! Ha en flott helg,klem fra meg

SynnePynne sa...

Flott innlegg, fikk meg til å tenkte på hvor heldige me er. Skulle ønske me hadde hatt oppe flagget i dag.

God fredag

Tante Mimmi sa...

Unnskyld!
.......veit du! Eg kava slik i går med flagget og bursdag, att i dag så tenkte eg "jøye meg har dei bursdag i huset nedanfor i dag" Rart...så køyrde eg nedover og då slo det meg....
Unnskyld! Vil du alltid minne meg på det- for 8 mai kjem så brått på her i huset! Men takksame er me for det- flagga i vindaugskarmen- tel det???

Anette {foreldremanualen} sa...

Tankevekkende innlegg! Vi flagget, men mest av gammel vane må jeg innrømme....

Vet ikke om jeg har sagt det før, men jeg liker så godt en mors bønn i margen til høyre! :-)