tirsdag 26. mai 2009

Nærbilete frå hytta

 

Denne gongen vert det nokre nærbilete av interiøret. Denne symaskina fekk bestemor for maaaaaaaaange år sidan, og er stadig fullt brukbar. Eg synes den er absolutt nydeleg, og no når hytta vart oppussa fekk symaskina kome fram i lyset, og pynte opp i stova.

Sommerstemning2

Bordet som symaskina står på, er bestemor og bestefar sitt nattbord. Skuffa har ein liten porselensknott. Bordet treng litt oppussing, men det har har i nabohuset lova at han skal hjelpe oss med;)

Sommerstemning3

Denne skjenken har og kome til heider og verdighet att etter oppussinga. Den fekk mor og far i nabohuset frå dødsbuet til ein skipsreiar ein gong på 60 talet. Då mangla plata oppå ein bit, og ryggen sat difor ikkje fast. Far i nabohuset fiksa plata og fekk ryggen på plass. Den gongen var skjenken mørkbeisa, men sidan dei fiksa han opp vart det fargeforskjell på den nye biten og resten, dermed vart skjenken kvitmalt:0)

Mai 2009 231

Til slutt ein kikk inn i det nye soverommet i kjellaren. Eg har diverre ikkje før bilete, men her var det rett og slett ein råkjellar med sementgolv og murvegger, og eit lite vindauga som ikkje kunne opnast. No er det lyst og sommarleg og nesten klart til innflytting - manglar berre elektrisitet;)

Mai 2009 230

Då må de ha ein flott dag vidare, så får me sjå kva som vert foreviga på hytta til helga. Eg skal i allefall ta før bilete av resten av kjellaren;) Klem:0)

8 kommentarer:

Linda S sa...

Koselig blogg du har, med behagelige bilder og fin atmosfære :) Kommer igjen.

Linea sa...

Flotte bilder fra hytten.
Må innrømme at jeg er svak for slike symaskiner, syntes de rett og slett er helt nydelige. :)

Ha en flott uke videre. :)

Guttemamma sa...

Gøy å få se mer fra det skjønne stedet deres!!

igi sa...

Så fine bilder! Likte både symaskinen og det lille bordet jeg! Gleder meg til å se flere bilder!

Rosa sa...

Slike symaskiner er flotte, ja. Og skjenken var jo knallfin med utskjæringane sine.

kjekt når ein ser at eit "grovt" rom kan verte så lyst og fint som det soverommet!

Ada sa...

Så fint det er blitt på hytta deres! Kunne godt trives der ja!

Lisemoren sa...

Skal si symaskinen var fin. Lekker "pynt", men kjekt at den er fullt brukbar også. Soverommet ble jo veldig lekkert, det så svalt og deilig ut der, pluss at det var lyst og trivelig. : )

Randi sa...

Heia...
Å tusen tusen takk for dei kjempe gode varme og sterke orda frå deg!!
Eg håper det hjelper:)
Men du verden for ein søt blogg du har da! Å så artigt å sjå ei sån gammal symaskine igjen,eg brukte å få låne bestemor si,detvar stor stas:))
Håper dokke får mange fine dager på hytta no da i sommar,å at fine veret kjem igjen snart!!
Ha ein fin dag!Klem