tirsdag 2. desember 2008

Draumen om eit pepparkakehus....

Tenk om pepperkakehuset mitt hadde sett slik ut...............Har sett at det er mange flinke pepperkakebakere i blogglandia, og eg har så lyst på eit skikkeleg fint pepperkake hus. Og det er ikkje det at eg ikkje har prøvd!!!!!! For nokre år sidan, såg eg eit nydeleg pepperkakehus i Allers. Det fulgte med oppskrift, og malar, så eg tenkte : Kor vanskeleg kan det vera?????? Dette kan eg klara! I dei dagar budde eg heime hjå foreldra mine ( no har eg jo flytta laaaangt vekk. Heilt på hi sida av veggen, hi,hi ), og ein dag dei skulle på bytur, og eg hadde fri rigga eg meg til. Pepperkakedeigen vart laga, malane skorne ut, og eg sette i gong. Deigen vart seig og fin, og eg kjevla lukkeleg medan julemusikken tona ut i rommet. Dette var då ingen sak tenkte eg, la på malane og skar ut. Då var det berre å løfta dei over på bakeplata. Svupp sa det i det eg letta dei opp frå bordet, og dei fine, beine veggene var brått skeive, og mykje mindre enn dei var i stad. Eg beit tenna saman og fortsette. For kvar del eg letta frå bordplata, var det mindre og mindre som minna om eit pepperkakehus.
Blodtrykket steig til svimlande høgder, og deigem stod i fare for å enda i veggen opp til fleire gonger. Julemusikken vart mindre og mindre koseleg etterkvart som temperaturen steig i rommet. Til slutt var det lite som minna om julestemning på kjøkenet : &%¤#"&&%¤%#### pepperkaker!!!!!
Til slutt gav eg opp å prøve å få beine vegger og tak. Her var det berre å bite tennene saman og prøve å redde stumpane. Likna det på ein vegg fekk det halda!! Delene vart steikte, huset limt saman, og pynta etter alle kunstens reglar, utan at det hjalp særleg på sluttresultatet. Huset var ubeskriveleg skeivt og stygt. Eg sette det på eit brett ut i gangen og tok fatt på oppryddinga. Seinare på dagen kom niesa mi innom, ho var vel då ca 6 år, og den brutalt ærlege komentaren hennar var: "Da e da styggaste pepperkakehuset eg har sett! Kim e da so har laga da????" Tanto måtte jo berre innrømma at det var ho som var syndaren. Huset havna på loftet til det var tid for å hiva det. Etter dette har pepperakehusa hos meg vorte innkjøpt frå Rema, og så legg me heller hjarte og sjel i pyntinga. Men kanskje ein gong skal eg prøve igjen. Må berre sørge for at ungane er ute av huset, for eg garanterer ikkje for barnevenleg atmosfære under prosessen;)
Ha ein flott dag, og kos dykk med juleforbereiingane:0)
Bileta har eg lånt frå google.

11 kommentarer:

Fru Petersen sa...

Hei! Takk for koselig kommentar!
I år har gubben lovt å hjeloe til med pepperkakehus ( Rema 1000 pepperkakehus her og) Så det blir spennede å se hvordan det blir i år! HAn skal modelere det på datamaskinen først! :D Typisk mannfolk! Men, bare han blir med å lager er vi fornøyd ;)
Og selfølgelig kan du kopiere teksten!

Klem

Fru Petersen sa...

Også sååå fint juletøy! Den kjolen med blusen var bare sååååå skjønt!!Synes det er nydelig med rødt og hvitt til julen, gjerne litt nostalgisk. Har ikke helt sansen for sort og sølv og glimmer og stas med strutt på de små jeg. Heldig lita frøken :) Nydelig kåpe også!

Guttemamma sa...

Ler godt her jeg sitter, godt Rema finnes!!

Line sa...

Tusen takk for koseleg kommentar inne hos meg...
For ein herleg historie...Eg skremde mest vetet av mannen i mitt liv, for eg ler så tårene trillar...Han lurer på om eg gret eller om eg berre har blitt stokk gal*Fnis*
Nydeleg adventslysestake du har laga...
Her var det triveleg å vere, så eg kjem garantert attende...
Line

Blomster i hagen sa...

Hei! Tusen takk for hyggelig kommentar på bloggen min, blir så glad når eg ser nokon nye har vert innom. Er kjekt at noen liker å sjå på det er skravler ned. :-) Koselig blogg du har, eg kjem veldig gjerne tilbake. Ha en fin kveld!

Jeanette sa...

Jeg ler :o)
Ha en fine torsdag!

Lisemoren sa...

Det er ikke så greit nei. Jeg var omtrent på samme galeien et år, da min søster kom innom og sa tørt. Du må kjevle dem ut oppå brettet. Så stikker du dem ut der og så løfter du vekk den deigen du ikke skal bruke. Hold gjerne malen oppå, så de du skal steke holder seg i ro mens du tar vekk overflødig deig. Ja ha, tenkte jeg. Det kommer ikke til å bli flere hjemmelagde pperhus her i gården. Vi har jo Rema vi og heldigvis. Må innrømme at det bare var tidig å lese denne historien, det er rart med det. Vi kan le av det senere. Ha en fin uke : )

Strikkelines sa...

Ja nå fikk jeg meg en god latter....kjenner meg så inderlig igjen.....

Solveig sa...

Hei:)
Huff da, ikke like lett med julebakinga/forberedelsene alltid nei!
Hehe, dette er egentlig noe som lett kunne skjedd meg og;)

Ha en fin torsdag:)

Lisemoren sa...

Hei igjen. Det ligger noe til deg på siden min : )

Anonym sa...

Hei! Eg må imrømma at eg ikkje kan huska det pepperkakehuset som du snakker om her, for ifølge mamma var det eg som hadde komentert det..
Men sånn går det med tanter som ikkej ser kva dei får til jul av niesene sine. *Hintar til ein ting med ei kula på ;)*

-Marie