fredag 1. juli 2011

Pauseinnslag

Det er nemleg det dette er. Livet står liksom litt på pause, samstundes som det går framover akkurat som det pleier. Eg har nemleg fått beskjed om å berre “ruge” framover. Kan ha forholdsvis normal aktivitet, bortsett frå at eg ikkje skal både det eine og det andre. Dermed vert det litt begrensa kva eg egentlig kan gjer. I tillegg kan eg ikkje fly, og skal ikkje vera lenger vekke frå næraste sjukehus enn max 2 timar. Altså vert det ikkje den store feriesommaren i år, men hytta ligg berre 50 min frå sjukehus, så dit kan eg i alle fall  reise.

Henriette Juni 048Eg har funne ut at dette er ein glimrande anleding til å lime bilete inn i album, så alle scrappesakene er henta ned frå loftet (ikkje av meg), og håpet er at til knøttet gjer sin entre`har frk dings og storebror fått sine eigne album. Det er jo lov og håpe……..;)

Ha ein flott sommar. Eg kryssar fingrar for at sola snart dukkar opp, slik at eg får følelsen av at det faktisk ER sommar…

Henriette Juni 469

3 kommentarer:

Rosa sa...

Høyrest ut som litt tøffe tak for deg og den vesle i magen.. håpar du er ei riktig flink ruge-mor, som lar andre ta tunge løft og anstrengelsar ellers. Scrapping må jo vere ei glimrande syssel når stoda er slik!

No håpar me desperat på sol og sommar, og då håpar eg du får nokre dagar eller veker på hytta.

Stor klem!

mali-mo sa...

Håper alt går bra her med deg no, og håper du vil holde oss litt oppdatert, ble urolig her eg no vet du og følger med deg frem til oktober. Sender deg en gos klem og håper at du får en fin sommer, tross alt.

mali-mo sa...

GOD klem skulle det være vet du ;)