lørdag 21. mai 2011

Flisespikkeri

 

Lova  for ein halv evighet sidan at eg skulle visa dykk flisene til Leiligheten i Beit Jala, så her kjem eit lite glimt av flisene til hovedbadet.

Leilighet BJ1-1

Har ein draum om at leiligheten skal verta ein blanding av midtausten og noreg, litt tradisjonelt og litt gamaldags. På badegolvet vert det difor store beige fliser, der ein del vil vera mosaikk fliser. Me har valgt store rektangulære kvite fliser til veggene, men ein vegg vert mørkegrå fliser med svart mønster i høgglans. Det er dei flisene som er bakgrunnen på kollasjen. Badekaret vart sjølvsagt med løveføter og kranerog dusj vert i god gamaldags utføring.

Leilighet BJ2-1

Servantskapet vert som på biletet over, berre i kvitt, i dobbel utgave med to servantar. Det vert heil plate oppå, og servanten står oppå plata. Altså som på biletet, berre heilt annleis;)

Det skal seiast at flisene til heile leiligheten vart vald på 2 timar, så eg håpar me ikkje angrar. Må og nevna at dei syntes at den norske dama var litt rar. Kvifor i all verda skulle me ha mosaikkfliser på badet, og ikkje i gangen? Det er jo ingen som ser dei på badet!!! Og ein heil vegg med svarte fliser???? Må nevnast at 90% av alle bad der nede er fullstendig BEIGE med litt innslag av gull og glitter. Sa du kulturkræsj???

Skal sjå om eg får somla meg til å visa dykk tankane om kjøkenet. Kan kanskje trenga litt innspel;)

Ha ei flott helg:0)

2 kommentarer:

Rosa sa...

åhhhhhhhh, kan eg eg få komma på besøk der? Eg tek gjerne ein dupp i badekaret med løveføter, mens eg studerer den grå-svarte veggen.
GLER meg til å sjå resten!

Gunhild Sofie sa...

Blir kjekt å få ha sitt eige krypinn når de reiser på besøk! Ser veldig bra ut:-)