mandag 26. april 2010

Soveromsdetaljar.

No høyrdest dette nesten litt snuskete ut, men her vert det ingen skumle detaljar, berre litt interiør. Eg  har trass alt lova dykk det tidlegare, og ein skal alltid halde det ein lovar:)

April 112

Dette er berre eit bilete for å vise at eg har klart å få opp gardinene:)

April 105

Her er eit tappert forsøk på å vise tapeten. Det er verkeleg tapeten som "gjer" heile rommet. Kvit botn, med eit nydeleg sølvaktig mønster.

April 108 April 110

Nattbordet er eigentleg eit lite skap i serien "Lista" frå Skeidar. Eg syntes dei litt Snirklete detaljane mjuka opp soverommet, som ellers er ganske stramt i linjene.

April 098 April 099

Desse tre bur på hylla over senga, og verkar kanskje litt malplaserte i eit "vakse" soverom, men dei har sin heilt spesielle historie. Den vesle grå bamsen med eit lite dikt på puta sende eg til husbonden då han budde i USA eit år, og sauen fekk eg av ei venninne då eg gjekk gravid med eldste mann. Ho skulle reise vekk og viste ikkje om ho kom att før babyen var fødd, men ville at eg skulle ha gåva. Me visste ikkje om det vart gut eller jente, og eg fekk denne og ei nydeleg lita blå strikkejakke som kunne passe til begge kjønn.

April 104

Desse putene frå Turiform, med lilla tekst passa perfekt inn på soverommet, og eg klarte ikkje motstå dei.

Om husbonden la merke til forvandlinga då han kom? Så absolutt! Han ankom 02.30 om natta, og då han opna døra til soverommet og skulle gå inn stoppa han med foten halvegs inn i rommet og berre stod og stirra.  Hjelpsom som eg var slo eg på lyset så han kunne få sjå skikkeleg, og han var svært så fornøgd og overraska.

Soverommet vart nett som "In my dreams....." Ha ein flott dag♥

8 kommentarer:

Lykkeliten sa...

Så fint det ble!

Tenker det er godt å krabbe under dyna og nyte synet av jobben du har gjort.

Kos deg masse, og nyt våren.

Klem Lykkeliten

Anonym sa...

Det ble kjempefint! Lekker tapet, fine detaljer.
Klem Igi

Anita sa...

Så fint det blei. Kjempekoselig!!
Tapeten var jo bare kjempelekker...

Inger Johanne sa...

Kjempefine gardiner! Sydd dei sjølv?

Prydelig soverom - deiligt å legge seg i, heilt sikkert!
Her har òg soverommet blitt "nytt" - dog ikkje med så flotte tapet, da - men lyst og fint! Deiligt at det ikkje bare er et roterom:-)

Klem

Veronica sa...

For et nydelig soverom!

Kan godt skjønnet at mannen ble fornøyd. :)

Ønsker deg en flott uke videre :)

Guttemamma sa...

Helt herlig,Henriette og tapeten ser flott ut!! Koselig historie om bamsene:-)
klemmer

Lisemoren sa...

Så kjekt at det ble slik du plana og ønsket det. Gardinene ble veldig fine synes jeg. Tapeten ser lekker ut, og noen personlige effekter må man jo nesten ha på et soverom. Jeg hadde sansen for sauen med baby :)

Nå er hage galskapen begynt her hos meg.

Klem fra Lisemoren

Rosa sa...

Fy søren, no er eg imponert! Dvs. det er nesten så eg håpar du fekk litt hjelp med maling og tapetsering? Soverommet vart UTRULEG lekkert, og om det ikkje var for at heile huset står på hovudet ville eg jammen begynt å pusse opp det rommet òg ;)