søndag 11. april 2010

Når katten er borte....

...dansar musene på bordet. I dette tilfelle - når husbonden er vekke pussar konemor opp soverommet - uten at husbonden veit nokon ting....

Soverommet vårt har vore nedrioritert sidan me bygde huset for 5 år sidan. Når gardinene no var på veg til å ta kvelden fullstendig, kjende eg at NO var tida inne for å gjera noko. Eg ymta litt om ideane mine for husbonden, og han var ikkje framand for tanken. Sidan det i lengre tid har vore laaaangt frå tanke til handling hos meg, rekna han vel ikkje med at det var nokon umiddelbar fare for at ting skulle skje. Lite ante han at så snart han var ute av døra på tirsdag, gjekk eg til aksjon. Han skulle vera vekke til sundag, så her var det om å gjera og handla snart. På veg heim frå barnehagen handla eg maling og tapet, og sette i gang.

Her er utgangspunktet:

April 041

Ikkje akkurat veldig spanande....Nattbordet er truleg det styggaste eg veit om, og eg har planlagt å bytte det ut dei siste 7 åra. Som sagt - det har ofte vore langt frå tanke til handling;) Ut rauk hovudgjerde, nattbord og lysestakar, og inn kom malingsspannet. Må tilstå at panikken tok meg då eg hadde malt første veggen 1 strøk. Dette vart LILLA!!!!

April 043

Avgårde for å kjøpe ny maling, og på`an igjen. No vart  alt så mykje betre:)

Etterpå vart ein vegg tapetisert, hyller skrudd opp, nye gardiner hengt opp og nye nattbord sett på plass. Rommet var ugjenkjennelig ! Fortsatt lurer eg på om dette er mitt rom:

April 067

No manglar det berre å få hengt opp dei kvite liftgardinene, som skal skjule rullegardina, og å få på plass litt stæsj. I morgon natt kjem husbonden heim, og eg er rimeleg spent på kva han kjem til å seie når han opnar døra til soverommet;) Eg er i alle fall så nøgd, at det er mulig eg må vise fleire bileter når dei siste detaljane er på plass:0)

April 064

Ha ei god natt♥

9 kommentarer:

Inger Johanne sa...

Så fiiiiint!! Kjempestor forskjell! Så får eg håpa at husbonden ikkje er så trøtt når han kjem, at han bare famlar seg fram til senga og fell i søvn på vei mot puta..;-)

Klem

Anonym sa...

Det ble kjempe fint! Stor forandring - mannen din kan ikke unngå å legge merke til det ;-)

Klem Igi

Unknown sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Mariann sa...

WOW!! Dette vart jo kjempe fint! Trur nok ikkje at husbonden kjem til å sei noko på da!!

Anita sa...

Takk for koselig kommentar inne hos meg! Det er alltid så kjekt å høyra fra deg!
Men over til det siste innlegget ditt:
Guri så fint!
Blei husbonden fornøyd og vart han glad?
Kan ikkje tru noko annet.
Det var kjempelekkert!
Ønsker deg ei fin uke!
Klem Anita

Inger Johanne sa...

Oi - det høyrtest jammen knasekjekt ut! Han e jo utruleg flink!
Held han kurs på Stord?
Trur det blir vanskeleg for meg i vår, men hausten kanskje..?

E maen komen heim nå, så du har fått reaksjon på oppussinga??

Klem

Tante Mimmi sa...

stiiiiligt! Kan eg komme på overnatting???

SynnePynne sa...

Så flott det ble. Jammen et godt forslag å pusse opp mens husbonden ikke er hjemme. Skal jeg huske på til en dag senere :-)

Ha en fin uke videre!

Synne

Lisemoren sa...

Nydelig. Lekker tapet må jeg si. Håper vi får høre mannens reaksjon (smiler) Men han måp da bli fornøyd og imponert. Jeg hadde sikkert brukt mye lengre tid på alt det der :)

Klem fra Lisemoren