tirsdag 12. januar 2010

Ein ny bestevenn........

 

.......kom i hus rett før jul. Det skulle eigentleg vera husbonden og min sin julepresang til kvarandre, sjølv om han juksa litt og det låg opp til fleire presangar under treet til meg, men det er ein annan historie..,,

Januar 2010 074

Me har begge snakka lenge om at me ville ha ein kafimaskin, men syntes det var litt dyrt. Så fekk eg ideen om at dete kunne vera julegåva i år, og når då naboen kunne fortelja at Elkjøp hadde dagstilbod på kaffimaskin 10.desember, var saken klar og kaffimaskina i hus.

Januar 2010 081

No er eg eigentleg typen til å tilbringa maaaaaange timar på nettet og leita etter testar for å finne den beste maskina i vår prisklasse, men denne gongen vart makina innkjøpt kun på eit kriterie - pris. Nokon test på akkurat denne maskina har eg ikkje funne, men andre Siemens kaffimaskinar kjem i alle fall bra ut, og me er særs nøgde:)

Januar 2010 083

Kaffien smakar nyyyydelig, Cremaen på kaffien er tjukk og fin, og når eg berre gidd å studere bruksanvisninga skikkeleg, skal eg nok klare å lage god Espresso, foreløpig har det gått i vanleg kaffi;) Sundag oppdaga eg at anten må Moccamasteren få seg ein skikkeleg rens, ellers så er det rett og slett berre eg som har vorte bortskjemt;)

Januar 2010 063

Her er kvardagen endeleg attende, etter julefeiring, og i helga har storebror feira 5 års dag 2 dagar på rad, med barneselskap på laurdag, og familieselskap på sundag. I dag har eg levert katten til sterilisering, før frk. dings var til øyrenasehalslege til kontroll, medan storebror fekk sitja og teikna på kontoret til tante (takk igjen til svigerinno;), før dei vart avlevert i barnehagen. No skal eg prøva å få bursdagsmiddagen til husbonden i ovnen (gratulera med dagen kjære), før eg hentar katten hos dyrlegen (takk til mor i nabohuset for kattehalding til og frå veterinæren - kven kan hugse å kjøpe bur sånn heilt utan vidare.....) og ungane i barnehagen. Joda, alt er attende til normalen.

Men i postkassa i dag kom denne boka, som ligg og ropar på meg:

Januar 2010 085

Eg gler meg til kaffi, bok og Greys i kveld................                                Ha ein flott dag:0)

11 kommentarer:

Lykkeliten sa...

Gratulerer med ny bestevenn!
Pass på å kos deg litt ikveld etter en slik hektisk dag.

Klem far lykkeliten som plutselig fikkveldig lyst på cappucino....

Kristine sa...

Gratulerer med kaffimaskin! skulle gjerne hatt ei slik sjølv, men det vert ekstra godt med ein kopp kaffi når eg er heime hos mor og far! Dei pussa opp kjøkkenet for nokre år sidan og valde då å få kaffimaskin integrert! Det er ei siemens maskin og den lagar nydeleg kaffi! Eg bræler meg skikkelig vekk av og til med å skumme/steame melk til å ha i, då blir det ekstra godt! Håper du får ein fin og avslappande kveld og at det går bra med pusen!
Nyt kaffien:)og grey's <3

Svigerinno sa...

Eg er klar veit du når du har lest bruksanvisningen.....
Heldige meg som har fått ein heil "skobutikk" på veggen min!

Men no er det tid for å laga middag!

Anita sa...

Heisann!

Vett du at eg sitt nå med ein Kaffe Mokka, stimet melk, pittelitt kanel (ingen andre enn eg så vil ha det oppi kaffien da...godt for helsa :-))og litt brunt sukker...årets julegave her i huset også.

Kosa deg med den nye boken din. Den er knallgod. Leste den rett før jul.


PS
(leste du mailen min...?)
Ha ein fortsatt fin kveld.
Klem Anita.

Fremstad sa...

KJære,her snakker vi rett tilbake til hverdagen ja:)
Men grattis med ny kaffi-maskin,det passer vel baristaen bra..:)Og grattis til sønn og barn og nytt liv for katten og...
klem,klem-nå ventyer greys på pauset opptak:)
klem Anette(guttemamma-orker ikke logge om fra gubben..)

Anita sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anita sa...

Nå har eg grene meg gjennom Greys... Koselig å "treffast" igjen! Når det gjelder drivhusprosjektet, så er det liv i del altså...skjellettet e oppe, glassene next. Men først må snøen forsvinna + at mannen må komma him fra havet. Skal legge bilder ut etterkvart...

Snakkast!
Klem Anita

Rosa sa...

oj, grattis med ny bestevenn! Eg visste ikkje at slike kunne kjøpast for pengar ;)

Høyrest ut som du er midt i kvardagen, ja - ein særs hektisk kvardag.

Kos deg med kaffi og bok!

klem

Bea sa...

Gratulerer med ny bestevenn.
Du må bare sende ham hit om du går lei....


Klem fra Bea

Veronica sa...

Ble sååå misunnelig på den kaffemaskinen din nå!

Jeg holdt på å skrive stakkars katten som er å blir sterilisert,
men jeg lover deg, du kommer ikke til å angre...
Vi har både hunn-og hannkatt, og er veldig greit å slippe kattunger vært eneste år.. (Selv om de er søte:p)

Ønsker deg en flott uke videre, med masse god kaffe!

Tante Mimmi sa...

he,he! Ler litt eg! Og du veit kvifor!
Korleis går det der borte? gledar meg til å smake kaffien!
Januar vart hektisk både hos dåke og her, men me sjåast snart! Den boka må eg låne!;)