tirsdag 19. januar 2010

Busstrøbbel.

Eg har ei vedkjenning og koma med; Eg er LIVREDD bussar! Då snakkar me ikkje om at eg er redd for å ta bussen, for det er eg aldeles ikkje, men eg er livredd bussar når eg er ute og køyrer bil. Spesielt i dei områda der fartsgrensa tilseier at eg har vikeplikt!

buss

Når eg er ute å køyrer i 50 sona, og ser ein buss på busstoppet framføre meg, kjenner eg at pulsen stig, og eg byrjar og kaldsvette. Foten vinglar panisk mellom gass og brems, og hjernen går på høggir; Skal eg bremse opp i tilfelle bussen bestemmer seg for å slå på blinklyset og svinge ut, eller skal eg trø på gassen og prøve å koma bussen i forkjøpet. Gass - brems, gass - brems, gass - brems.......og slik held eg det gåande.

buss_599a

Når eg har nådd bakenden på bussen, er blodtrykket skyhøgt, og skuldrene godt forankra under øyrene. Augene er store og stirrande med blikket festa på venstre blinklys - blinkar, blinkar ikkje. Foten som har vingla mellom pedalane, bevegar seg ned på gassen, og eg fresar forbi. Phuuh, redda for denne gong.

960x

Det heile heng saman med ei oppleving der eg var passasjer, og hadde beste utsikt inn i sida på bussen som bestemde seg for å svinge ut, då me var godt oppe på sida av han. Eg la meg nesten over i fanget på sjåføren og var sikker på at bussen ville inn og handhelsa. Heldigvis tok bussen fornuften fatt og bremsa opp slik at me ungjekk nærkontakt, men eg har aldri hatt same forholdet til bussar etterpå.

ra_buss-jpg

Av ein eller anna grunn ser det ut til at mange bussjåførar meinar at dei ikkje treng å blinke i god tid FØR dei svingar ut, slik at sånne som meg veit kva pedal me skal trø på. Det held at dei blinkar i same augneblink som dei svingar, og resultatet er slike nervevrak som meg, som er overbevist om to ting:                                                   1: Ein dag får eg ein buss i sida.                                                                       2: Eg får ein dag ein bil langt inn i bagasjerommet, når eg trør bremsen i bånn for å UNNGÅ å få ein buss i sida.

Kanskje er det berre busselskapa sin strategi for å få oss til å la bilen stå og ta bussen. Då er ein i alle fall trygg............

Ha ein flott kveld:0)

Bilete henta frå Google biletsøk - søkeord Buss

6 kommentarer:

Bea sa...

hihi

Du er ikke alene......



klemz

Løvetann sa...

Kjenner meg igjen her. Veldig ubehagelig når du nærmar deg bussen og lurer på skal, skal ikkje. I det siste har eg tenkt at eg berre får være tøff, har eg kommet opp på sida av bussen så får han jaggu venta. Du får øve deg litt på å være tøff du òg.

Smil fra L

Linea sa...

Ikke dum den tanken om at det er busselskapet sin strategi for å få oss til å ta bussen:)

Kan desverre skrive under på at jeg og har hatt altfor mange opplevelser med bussen der man må velge mellom gass og bremse.. uten og være sikker på hva som kommer til å gi det beste utfallet :(
Har gått bra så langt, og krysser fingrene videre for oss alle bilfører!!

ha en super tirsdag's kveld videre:)

Guttemamma sa...

terapiforslag: se "Speed" en hel helg..
klem

Tullik sa...

Hehe, ja kanskje det er strategien. Kjenner meg veldig igjen i din beskrivelse. Tenkte oppe i teksten at du var no snill som skreiv blinke og så svinga ut... For som du kom tilbake til seinare, problemet er jo at dei ofte svinger ut FØR dei blinker. Kjempefarleg, spør du meg. Blogginnlegget ditt burde vore formidla til alle buss-selskap i landet !!!! Og så var det godt beskrive og !!!

Rosa sa...

Eg måtte no smile litt, der eg såg deg for meg. Men klart du får ein støkk etter ei slik opplevingg! Og ja, bussar er livsfarlege i 50-soner med busslommer.