fredag 20. november 2009

Det står til liv.....

 

Ikkje mange livsteikn her for tida, men eg er då fortsatt til stades. Dagane fyk avgarde utan at eg er heilt sikker på kvar dei vert av. Dette bilete vart tatt tidleg sundag morgon, då eg hadde nokre minuttar for meg sjølv før dagen starta for fullt. Pottene på miniorkideane er faktisk nokre telysestakar som har fått nytt liv som blomepotter:)

November09 018

Mor i nabohuset inviterte på elg og hjortesteik, og eg hadde meldt meg frivillig il å steike hjortesteika, sidan mammo skulle steike elgen, og det trass alt er begrensa plass i ein steikeovn. Då steika var i ovnen, og ungane påkledde, bar det til kyrkja der storebror fekk 4 års bok. Stor stas:)

November09 041Etter middagen bar det vidare til eit venepar, der far i huset hadde bursdag, og slik har det fortsatt heile veka føles det som. 

Då er det godt med litt masasje. Eller det var i allefall det eg tenkte då eg fekk husbonden til å bestille thaimasasje til meg. I dag har eg vorte knadd og masert etter alle kunstens reglar, og eg har berre ein ting å seie; Fyttigrisen så vondtgodt. Eg har dårlege skuldre, og ein litt kranglete rygg, og masasjedama fann ALLE ømme punkt frå nakke til rumpe!!!!!!! Innimellom, når ho la inn dei lange deilege masasjebevegelsane tenkte eg at dette var godt, men før eg rakk å fullføra tanken, sette ho inn eit nytt støt mot mine ømme musklar, og eg kunne kjenna korleis overkroppen automatisk løfta seg når ho trykte på dei ømme punkta på min edle bakpart. Mest bekymra vart eg då eg merka ho tok av seg sokkane, og faktisk byrja å GÅ på låra mine før ho prøvde å slå knute på føtene mine. Jammen godt dama var liten og vever.

Thai1_compressed

Bilete frå Touched by love

Det verste er t eg lova å ringe å bestille ny time før jul. Trur eg må ha vore bevistlaus i gjerningsaugneblinken. Men vondt skal vondt fordrive, så eg stiller vel opp......Dessuten var det jo nokre behagelege augneblink innimellom;)

God helg:0)

5 kommentarer:

Kathrine H sa...

For et koselig bilde fra søndagsmorgenen din!

Det høres både godt og vondt ut med thaimassasje, hehe. :o)

Jeg vil takke deg så mye for madrassrensen; jeg skal gi beskjed når jeg har prøvd den. Jeg tror nok at jeg kommer til å rense både sofa, tepper og madrasser fremover. ;o)

Ønsker deg og dine en riktig god helg!

Tante Mimmi sa...

Sjå der ja! Du kom frå det med livet i behald! Det var godt!
Står (nesten) til liv her og! Mitten måtte teste litt feber ho og! ;)
Juhu!
Takk for sjokkoladeen ..tok to eg ...uff!

Lisemoren sa...

Så flott å høre fra deg. Koselig bilde, det er viktig å kose seg litt også. Jeg har også perrioder der jeg ikke har så mye overskudd til å blogge, og da koser jeg meg bare med å lese inne hos dere andre til overskuddet er tilbake.

Den massasjen hørtes rimelig interessant ut, lo godt da jeg leste det.

Kan skjønne at du ble litt skeptisk, men det hjelper sikkert godt for vonde kroppsdeler. Håper du blir bedre snart, det er ikke morro å ha vondt.

Kjekt at du er med i trekning hos meg, tvi tvi.

Klem fra Lisemoren

Rosa sa...

så kjekt å sjå at det er liv hjå deg òg. Skjønar at det kan vere travelt, men høyrest ut som det er koslege ting det er travelt med.

Thaimassasje høyrest både vondt og godt ut... mest vondt? Men kanskje godt etterpå? Eg har ståande eit gåvekort på nakke/rygg-massasje, og eg skal absolutt benytte meg av det før jola set inn. Kanskje eg skal bestille meg time siste fredag før jol, når stresskuldrane heng oppunder øyrene?

Litt avsporing her... skulle berre ynskje ei god helg vidare!

klem

Guttemamma sa...

KJære vennen!!
Tusen takk for den herlige skrubben jeg fikk i posten før helgensom tidligere sagt,passet perfekt!! Den skal jeg dele mange gode stunder med:)
Ha en herlig uke...nattaklem