fredag 6. november 2009

Javisstnei!

Sjølv om eg ikkje ser slik ut, så er eg faktisk opptatt av sunt kosthald. Innerst inne kunne eg godt tenkt meg å verta ernæringsfysiolog, men 6 års utdanning lokkar ikkje. I tillegg prøver eg som best eg kan å vera miljøbevisst. Dette viser seg av og til å kræsje med eit brak! Det er jo slik at ein helst skal eta økologisk, kortreist mat for å vera sunn. I tillegg er det jo ein fordel at ein likar den maten ein skal ete.

avocado

Eg er foreksempel veldig glad i Avocado, og den er jo full av sunne, umetta fettsyrer. I ernæringsperspektiv er dette JA!!! mat, men i miljøperspektiv er det NEI!!! mat, då avocado trass alt må ut og fly for å koma til Norge.

Tomat%20og%20agurk_29,5_41,5_IT2008

Bilete av Ingjerd Thurmer

Tomat, agurk og mais er essensielle ingrediensar i ein hvilken som helst salat, men kan vel heller ikkje seiast å vera miljøvenlege. Vel kan ein få norske agurker og tomater, men dei må jo dyrkast i drivhus, som treng elektirsitet for å varmast opp osv.......

a69174ee50

Og så er det jo appelsiner då!! I desse svineinfluensatider skal me jo helst innta litt ekstra c-vitamin for å ha litt ekstra på lager til å bekjempe skumle basillar, men appelsiner vert i alle fall ALDRI kortreiste så lenge me bur i Norge, altså heller ikkje miljøvenlege. No er jo kålrabi full av c-vitamin, så eg kan jo eta den i staden, men eg veit ikkje om det vert heilt det same å skrelle kålrabi på skitur? For ikkje å snakke om kor rart det ville sjå ut å sette kålrabiskåla fram til jul, i staden for mandariner og appelsiner......

1_2988235!img2988173

Kanskje det er difor eg har klart å kvalifisere meg til kategorien overvektig. Det er så vanskeleg å finne miljøvenleg, kortreist mat at eg trøystar meg med sjokolade????? No er jo ikkje den spesielt kortreist sidan kakaoen må flyast inn, og sidan eg som oftast nyt den saman med kaffi, som heller ikkje vert hausta i Noreg er det vel ikkje akkurat miljøvenleg........

1200056146467_602

For å kompensera sjokoladen har eg byrja å trena. Eg har alltid høyrt at TRENING er det viktigaste for å gå ned i vekt, så sunn mat og trening 3 gonger i veka måtte ordna den saken. Neida, trur du ikkje eg LA PÅ MEG!!!!!! Svaret fann eg i eit blad litt seinare. No har dei funne ut at  om du berre trenar, men et det same som før, er det ikkje sikkert det verkar, for det er MATEN som er det viktigaste for å gå ned i vekt. JAVISSTNEI!!! Dessutan visar det seg at ein ofte belønnar seg sjølv med litt ekstra mat når ein har trent. Hmmmm. Eg trur eg må ta meg ein langreist, usunn sjokolade, og ein kopp kaffi for å fordøye slike nyhende, og for å samle krefter til å jakte på kortreist, miljøvenleg, sunn mat.

Ha ei god helg:0)

Bilete frå Google

8 kommentarer:

Lykkeliten sa...

Å, jeg kjenner meg så godt igjen!

Nå skal jeg kose meg med julemarsipan mens jeg tapetserer, og det må skje fort før noen kommer hjem og oppdager at jeg nyter like søtsaker i all hemmelighet.....

Småbyliv sa...

Hehe, artig - og det er neimen ikke lett å oppfylle ALLE krav til enhver tid :)

Lykke til i den videre jakten - og riktig god helg!!

Rosa sa...

hahaha, herleg innlegg på ein fredags føremiddag. Eg er nok ikkje så opptatt av økologisk mat, må eg innrømme. Spesiellt miljøbevisst er eg redd at eg heller ikkje er, sjølv om eg gjer mi borgarplikt med kjeldesortering og slikt. men som deg prøver eg litt ekstra med å vise måtehald i kosten for tida, og for min del hjelper det faktisk (og det utan så mykje meir trening enn raske gåturar med mor mi). Idag har eg heimedag uten mann og barn, og då skal du ikkje sjå vekk ifrå at eg òg sler til med noko godt attåt kaffikoppen. Ein skal jo kose seg litt òg ;)

God helg!

Lisemoren sa...

Det er ikke så greit nei. Kan ikke si annet enn at jeg kjenner meg igjen, he,he.

Klem fra Lisemoren

Guttemamma sa...

Ler her jeg sitter, ikke av ,altså men til...
klem

igi sa...

Ikke enkelt å være sunn! Morsom lesing. Hurra for sjokolade!

Tante Mimmi sa...

"kvalifisert til overvektig" DEN stussa eg på! Kjære lesara dette har eg inga tru på! Såg dama sist i går!
Nei,det er ikkje lett å gjere alt rett! Pizza er jo himmla kortreist spør du meg! (fnis)
Du kan få kortreis hønsfrikase om du vil- det er magert!
Og at vekta aukar når du trenar veit jo du alt om! Musklar veg meir ennn.... og vekta er berre halve sanninga! Du er så flott atte! Klibrød-det er det me får slå oss på med kvitost frå Synnøve eller ysteriet på Tysnes! ;)
...sjokkolade- der blir me aldri miljøvensame, eg og du...aldri! ikkje kaffien heller... Nokon lyte LYT me ha!
Sjåast!

Tante Mimmi sa...

å, fy! Tjukt i skrivefeil...og eg som har papira på at eg burde kunne stokke bokstavane rett!...