Ei veninne av meg fylte 30 i sommar. Ho har ikkje budd så lenge i norge, men har rukke å fått ein del gode vener her. Ho hadde planlagt å invitere til grillprty, men det vart ikkje noko av, og så vart det til at heile feiringa uteblei.
Eg hadde lyst til å gje ho noko spesielt til bursdagen, og enda opp med å invitera til overraskelsesselskap. Kjempekjekt!!!!! Alle bidrog med sitt, og hovedpersonen, som trudde ho skulle på besøk og hekle og sjå film, vart gledeleg overraska:)
Biletet er av bordet, og er det einaste eg har frå kvelden, for me hadde det så koseleg at eg gløymde å ta fleire;)
Me hadde kyllingsuppe, servert frå denne flotte terrinen, som mamma har malt til meg.
Ho har malt serveringsfat, potetskåler og sausenebb etter modell av middagservicet eg byrja å samla på som 17 åring;)
Utruleg kjekt å ha, og terrinen står til vanleg og pyntar opp på toppen av hylla i stova.
Ha ein flott dag:0)
2 kommentarer:
wow, er den virkelig hjemme-malt?
den var jo helt nydelig! :)
Så koselig med overraskelse for din venninde da.
Er vel ofte slik at man er flink til å stelle i stand besøk til alle andre, men glemmer seg selv, så da er det flott at andre lager slike overraskelse fester:)
Håper du får en flott helg videre:)
Så koselig overraskelse å få!
Tror nok din venninne er glad for å ha en venn som deg.
Klem
Legg inn en kommentar