onsdag 30. september 2009

Forferdeleg irriterande!!!!

 

Då var me heima att etter at frk. dings har fått fjerna mandlane, og alt gjekk som ein draum:) Godt å ha det unnagjordt.

Gårsdagen vart altså tilbrakt på sykehuset, og lange sykehusdagar er eit ypperleg påskot til å anskaffe nye tilskot på bladfronten. Som de veit held eg på med å fornye ungane sine rom, og er på jakt etter gode idear heile tida, så då eg såg at Foreldre og Barn hadde eit interiørekstra om barnerom, kjøpte eg eit eksemplar.

September 056

Gjett om eg vart skuffa då eg oppdaga at interiørekstraet var ein blåkopi av dette bladet:

September 057

Bileta under skulle vera bevis nok. Det øverste bladet på bileta er Rom 1.2.3, og det nederste Foreldre og Barn

September 058 September 059 

 September 060

September 061 September 062

Ikkje mykje ny inspirasjon å henta der.........Rett og slett skikkeleg irriterande. Begge blada er gitt ut av Hjemmet Mortensen, så dei sparar både tid og pengar på å publisere artiklane i fleire av blada sine, men eg synes det hadde vore rettare og berre lagt ved bilaget frå Rom 1.2.3 som ein bonus, så hadde eg spart  69.-kr.

Jammen flaks at Narvesen har 25% på utenlandske blad, slik at eg kunne trøste meg med Drømhem & Tredgård;)

Ha ein fin kveld:0)

5 kommentarer:

Anne (Moseplassen) sa...

isj
kan godt skønne du ble irritert ja!

Tante Mimmi sa...

Hallo?? E det mulig!!
Du tøffe dama - ring og klag!;) Så kan du få deg nokre ekstra nummer- som plaster på såret!
Veeeeeeldig dårleg reklame!
Velkomen attende! Håpar alt er vel og at jenta er i seget!

SynnePynne sa...

Heilt enig med deg! Foreldre og barn har blitt et dårlig blad, alt de har av tester finnes jo på klikk.no lenge før bladet kommer ut, og interiør stoff er som regel alltid kopi fra et annet interiør blad. Jeg skal ikke fornye mitt abonnement, det er hvertfall sikkert :-)

Håper alt er vel med med ho uten mandler.

Torill sa...

Dårlig gjort å bruke samme stoff i fleire blad... Ender jo med at vi blir meir og meir kritisk til kva vi kjøper og salget vil gå ned... Snakk om å "laga ris til eiga ræv" ! Koslig å finne annan blogger frå samme øy på lista her !

the Folding chair sa...

Provoserende! send dem en mail og be om pengene tilbake!