torsdag 17. september 2009

Ein sommar er over....

 

August 121

..........men minnene består, men no er det tid for å bretta opp armane og ta fatt på innsida av huset att. I løpet av sommaren har eg vist tatt pause frå både blogging og interiør. Faktisk så til dei grader at eg har lurt på om eg måtte melde meg ut av NIB...., men no skal pipa få ein anna lyd.

Første mann til å nyte godt av fornya innsats på heimefronten er frøken dings. Rommet hennar har venta ei stund på fornying, og no har eg så smått byrja.

August 441

Punkt ein er å verta kvitt sprinkelsenga. No er det tid for å få "stor jente" seng. På garasjeloftet står skuvsenga eg, og søskena mine før meg, sov i då me var små. Diverse søskenborn har og brukt ho, og no er det altså frøken dings som skal sove i ho. Far i nabohuset skal lage ny botn, som skal hevast litt opp slik at det ikkje skal minna om babyseng i det heile. I tilleg skal litt Mc qeen dekor fjernast, men så håpar eg det berre er ein grundig vask som skal til før ho er fullt brukbar. Sommarfugllampen i taket  er frå Ellos, og eg er kjempenøgd med han, så den får bli;)

August 442

I denne kroken har det intil for kort tid sidan stått eit digert klesskap. Sidan frk dings har meir bruk for leikeplass enn skapplass, er skapet forvist til boden, og denne kroken skal verta "kjøken krok". Tøtta har bestillt rosa prinsesse tema, men sidan ho mor synes det kan verta litt vela mykje rosa, får dei fleste veggene behalda den fargen dei har, medan kroken skal få eggekvit brystningspanel, og "fondveggen"  ein lys rosa prinsessetapet over brystningspanelen.  Bilete til veggene står ferdig innramma på boden, og berre ventar på å få koma på plass, og hyller står klare og ventar på å verta skrudd opp. I morgon skal eg henta tapeten, og då er det ingen unskuldning for å ikkje koma igang.

August 092

Då er det berre å håpa at dette vert uttrykket til frk dings når alt er ferdig. Prinsessa skal fjerna mandlane 29. september, og målet er å verta ferdig før det. Eg treng lit press for å verta ferdig med ting, så no får de etterlyse bilete av det ferdige rommet om dei ikkje dukkar opp snart;) Eg må jo vise rommet litt meir presentabelt enn på dagens ublogifiserte bilete.

Då skal eg prøve å få lagt att litt spor etter meg i bloglandia.

Ha ein flott kveld:)

4 kommentarer:

Bea sa...

God kveld!
Det er så synd at sommer'n bestandig er over før vi vet ordet av det...

Gleder meg til å følge med videre. Blir sikkert stas å få ei storjente seng.

Lykke til med fjerning av mandlene. Det kan hjelpe med litt kaldt nedover halsen når hun våkner. Husker det lindret litt når både jeg og Jonas tok mandlene for 5-6 årsiden:o)

Klem fra Bea

Lotta sa...

He hei!Du har vunnet trøstepremie hos meg:) Send meg adressen din så kjem det snart en gave i posten.
Klem fra
Lotta:)

Laila sa...

Hei

Dei har strykebord til litlajenta på brukten i sagvågen... Tidlig krøkas osv.

Guttemamma sa...

Så koselig med sånn arveseng!!Stor jente:-)Masse lykke til med operasjon,ikke moro når de små skal i narkose...men det går jo så bra! God helg,klem fra Anette