lørdag 27. mars 2010

Fornying


Litt kvitmaling, nye knottar, og vips : Nytt skap:-D

torsdag 25. mars 2010

God påske ♥

 

Ein skjønar at ein er ute og kjøra når ein kjøper snop berre fordi det ser så fin ut i skåla;)

Mars 2010 067

Om dei smakar godt? Anar ikkje, men dei skal få lov til å vera med på hytta, og pynte opp til påske.

Mars 2010 061Mars 2010 086

Saman med dei søte Maileg - påskeegga er påskestemninga på veg. I morgon reiser me på hytta (slemme tjuvar kan berre halda seg vekke, husbonden er heime, og når han kjem til hytta, passar andre huset;) og kor mykje blogging det vert derifrå kjem heilt an på mobilen;)

Mars 2010 082 

Denne søte påskekyllingen og eg ynskjer dykk alle ei god påske. Det går an å ta kyllingen ut av "egget" og legge noko oppi. Då eg var lita, stod det ein slik ved sida av tallerken på påskemorgonen, og oppi låg det ein sjokoladebit. Mmmmmmm.

Ha ein flott påske♥

mandag 22. mars 2010

Visst skal våren koma.

 

Mars 2010 036

I dag har eg vore på ein liten rusletur i hagen, for å sjå kva som stikk hovudet opp no når snøen er vekke. Jammen veks det fort, og det er tydeleg at NO er våren undervegs.  I går kveld sang til og med svarttrosten for full hals:)

Mars 2010 039

Under kristornen blømer Krokusen for fullt. Alle bæra de ser er Kristornbær, og i bakgrunen kan de sjå masse små kristornplanter. Om nokon vil ha ein Kristorn er det berre å sei i frå. Me druknar i Kristorn i hagen. Etter å ha sagd ned eit par stykker har me framleis 5 stykker i hagen, men eg trur det ryk eit par til i år.

Mars 2010 052

Dette er den fyrste spede spira på Peona mi. Kanskje ho kjem med blom i år.......

Til slutt må eg berre vise forskjellen på årets vinter og fjoråret. I januar i fjor såg ranunklane mine slik ut:

Bilder Januar 267

I dag, 22.mars var dette alt eg fann. Eg lurer litt på om dei i det heile har overlevd vinteren.......Me får sjå.

Mars 2010 044

Ha ein flott mandagskveld♥

søndag 21. mars 2010

Medan me venta på våren.......

 

....har eg strikka og strikka. Plutseleg var det kjekt, og eg tenkte at eg måtte smi mens jernet var varmt. Det resulterte i tunikaen eg viste for eit par innlegg sidan, og  denne tunikaen de ser her er allereie teken i bruk:

Mars 2010 031

I tillegg er eit par prosjekter til nesten fullførte, så eg er i grunnen strålande nøgd:0)

No gler eg meg til å ta fatt på nye prosjekter i påskeferien. Nedtellinga til ferien er begynt, og på fredag reiser me å hytta. Me pussa ganske mykje opp i fjor, noko de kan sjå her og her. I år skal det og pussast opp, men no i påsken ska me berre nyyyyyta.

April 2009 134

Oppi senga her, skal eg kosa meg med både strikketøy og bok. Hæææærleg:0)

Ha ein  flott dag♥

torsdag 18. mars 2010

De må spara på vatnet!!!!

LB_-_Vann__kraft__s_162134c

Det er meldinga me høyrer støtt og stadig for tida. Det er jo vannmangel må veta! Kan du tenka deg! Vannmangel på vestlandet! Joda, etter 3 mnd med snø i staden for regn skortar det på drikkevatnet, men eg kjener eg protesterer litt på denne påståtte vanmangelen.

fall2h258w2E4

Det er jo berre til å sjå seg rundt, så finn me vatn i alle retningar. Berre på veg til barnehagen i dag passerte eg ei elv, eit STORT vatn og eit lite vatn - alle fulle av - nettopp - vatn! Eg er fullt klar over at me ikkje berre kan rusla ut og drikka dette vatnet, men eg er 100% siker på, at om det vart naudsynt, kan me koka, rensa og drikka det.

Etter å ha tilbragt ein del tid i Israel og Palestina synes eg at vannmangelen vår er noko overdreven. Der og mange andre stader i verden tyder vannmangel nettopp mangel på vatn. Når det er tomt er det TOMT. Då er det ingen andre stader å hente vatnt. Ingen store vatn og elvar som ligg klare og ventar i tilfelle drikkevasskjelda går tom.

1048700815_29_jpgNone_medium

Dermed vert dette eit lite hjartesukk frå meg. Spar på vatnet, men lat oss ikkje gå av hengslene. ME HAR VATN!!!! MASSE vatn. Og kjenner eg Vestlandet (og resten av Norge) rett , regnar det nok snart nok til at me kan opne springen utan å bekymre oss for at drikkevasskjelda skal vere tom.

Ha ein flott dag♥                                                                                                                                                                                                                                          Bilete frå Google

tirsdag 16. mars 2010

Forandring fryder????????

 

Div bilder oktober 251

Dette bietet er eit 1,5 år gamalt bilete frå sofakroken vår, men det er ikkje mykje som har endra seg. No har eg hamna i tenkeboksen.......Akvariet var ein investering eg hadde drøymt om lenge, og som eg var kjempelukkeleg for å få i hus, men no......

Stova vår er ikkje av dei største, og vanskeleg å møblere. Me har ikkje for mykje sitteplass, og akvariet er rimeleg dominerande. I tillegg er den 5 år gamle svarte skinnsofaen superpraktisk, men absolutt ikkje det eg ville valgt no.

Dei siste månadane har tanken på å selgja akvariet dukka opp stadig oftare. No har eg plutseleg inkludert tanken på å selgja sofaen og.......

Korleis sofakroken ser ut kan du sjå her. Eg lurer på å fjerne akvariet og bytte ut sofaen i noko slikt

0180700_StingHjorne

Ikkje denne varianten, men den noko liknande i ein mørk gråblå farge. Kanskje 3 + 3 + sjelselong.....Kva trur du?????

Dette er ikkje drøfta med husbonden, og det skjer ikkje i morgon, men tanken er der......Kom med synspunkt:0)

Ha ei flott veke♥

søndag 14. mars 2010

Utrykning!!!!

Neida, det er ikkje så alvorleg som det høyrest ut;) Svigerinna mi utfordra meg til å lage ei politibilkake til nevøen min sin 5 års dag, og her er resultatet:) Ikkje perfekt, men eg er ganske så fornøgd med meg sjølv:) Lokket laga eg av Marsmallow fondant, og det vert svært så bra. Har aldri gjordt det før, men det var enkelt å lage, og lett å jobbe med.



Ynskjer dykk ein god sundag med eit bilete frå Mars i fjor. I år er ståa noko annleis, eg klarte ikkje ein gong å grave meg ned til Timianplanta i urtehagen min pga av all snøen.....Men no er våren på veg, sjølv om det har snøa i dag. Eg har nemleg sett både Snøklokker og Krokus!!!!



Ha ein god sundag♥

søndag 28. februar 2010

VÅR !

Ja no rynka du nok litt på bryna, for slik ser det ut på verandaen min, og dei fleste andre stadar.

Februar 127

MEN, eg har nytt årets fyrste kaffikopp  i sola på verandaen i dag.

Februar 124

Utan tjukk genser og boblejakke, og termometeret viste faktisk 15 grader i solveggen:) Så sjølv om snøen framleis ligg , er det ingen tvil; VÅREN er her.

Ha ei flott veke♥

fredag 19. februar 2010

Jeg prokastinerer -

- gjør du??????

Det var tittelen på eit teaterstykke for ein del år sidan. Eg har aldri gløymt tittelen, men aldri våga å slå opp kva det eigentleg tydde, høgtideleg overbevist som eg var om at det måtte vera noko skikkeleg "dirty". Då eg ved eit tilfelle fann ut kva det betydde måtte eg svare - JA - eg prokastinerer- heile tida!!!!! Å prokastinere heng nemleg tett saman med ; " Eg skal berre først.......så skal eg gjere......."

April 2009 027

Eg utset det meste så lenge eg berre kan. I kjellaren har eg ein stabel med knappelause bukser, jakker, genserar, you name it, I`ve got it, som ligg der og ventar på ny knappar. Kaskje eg trur at om eg berre let dei ligga der lenge nok, så dukkar knappefeen opp i nattens mulm og mørkre og eg vaknar til ein stabel med fint isydde knappar?

Mars 137

Eg har lova onkelen min å bestille nokre frøpakkar på nettet. I dag kjem dei på besøk, så etter at eg har fullført dette innlegget skal eg bestille dei. Det byrjar jo å verta litt mistenkjeleg at det tek 3 veker å levere 2 frøpakkar.......

April 2009 207

Eg har nokre telefonar eg skulle tatt, men først må eg berre skrive dette innlegget.....

April 2009 154

Eg skal vaske til helga, og bake ei kake til i ettermiddag, men først skal eg ta eit par telefonar.....

Jeg prokastinerer - gjør du????

Ha ei flott helg♥

                                                                        Prokastinere - å utsette

tirsdag 9. februar 2010

Strikkedilla

 

Kor vart tida av?????????????????????? Ser at det er leeeeenge sidan sist eg blogga, men det føles egentlig ikkje slik. Men sidan eg ikkje har blogga har eg fått gjort anna i staden;) Eg har strikka ferdig ein tunika til frk dings (bilete kjem når han er montert. Svigerinno; HJEEEEEELP!!!!!!) , strikka leggings til å matche tunikaen (kanskje eg får somla meg til å ta bilete av dei og ein dag;) og strikka ENNO EIN TUNIKA til frk dings. Dei som kjenner meg veit at dette er ganske sensasjonelt.  Sistnemde har eg faktisk bilete av:

Januar 2010 132

Fin sant :0) I tillegg har eg byrja på ein genser til storebror, men no kjenner eg at senebetenelsen er på veg, så eg må kanskje bremse litt;)

Medan eg har vore noko fråverande har eg vore så heldig å få denne utmerkinga frå både Igis verden og Det var en gang.

Award_4

Tusen takk!!! Saman med den kom ei utfordring om å fortelje 7 ting om meg sjølv, så eg hiv meg ut i det og prøver:

1. Eg er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning innan diabetes.

2. For tida heimeverande, men drøymer om å drive brudesalong! Heilt sant!

3. Mannen min er frå Betlehem, og me møttest på flyplassen i Tel Aviv

4. Eg har jobba 3 mnd som friviljug sjukepleiar på eit lite katolsk sjukehus, i hjarta av Jerusalem.

5. Har opplevd rakettangrep og maskingeværangrep i Betlehem. (Relax hony, it`s far away. At least 1 km!!!)

6. Er hekta på Greys Anatomy.

7. Er livredd for å fly.

Då hadde du litt meir unyttig kunskap om meg;) Ha ei flott veke.♥

fredag 22. januar 2010

Noko gamalt.........

Drømmen om en eplehage har ein flott utfordring, nemleg å lage eit innlegg om noko som ein eig, men som ikkje  er nyinnkjøpt.  Utfordringa er herved tatt, og valget fall på denne gyngestolen:

Div bilder oktober 186

Denne gyngestolen hadde me i stova heime då eg var lita, men no har han flytta inn i loftsstova hos meg. I mellomtida har han tilbragt ein del år på garasjeloftet, før eg redda han inn i varmen att. At han no er trendy ante eg ikkje før eg såg siste utgåve av BoligPluss i går. Der stod nemleg ein so og seia identisk gyngestol avbilda i furu til den nette sum av 3935,- Medan denne:

pn_aksel_gyngestol_03                                          Gyngestolen Aksel www.purnorsk.no

i kvit kostar 6225,-!!!!!! Trur eg må på loftet å telja spiler i ryggen;) Men for meg har han, uansett om det er ein ekte Jærstol eller ikkje, affeksjonsverdi, og gjev meg mange gode minner:) Tar du utfordringa frå Drømmen om ein eplehage?

Ha ei flott helg♥

tirsdag 19. januar 2010

Busstrøbbel.

Eg har ei vedkjenning og koma med; Eg er LIVREDD bussar! Då snakkar me ikkje om at eg er redd for å ta bussen, for det er eg aldeles ikkje, men eg er livredd bussar når eg er ute og køyrer bil. Spesielt i dei områda der fartsgrensa tilseier at eg har vikeplikt!

buss

Når eg er ute å køyrer i 50 sona, og ser ein buss på busstoppet framføre meg, kjenner eg at pulsen stig, og eg byrjar og kaldsvette. Foten vinglar panisk mellom gass og brems, og hjernen går på høggir; Skal eg bremse opp i tilfelle bussen bestemmer seg for å slå på blinklyset og svinge ut, eller skal eg trø på gassen og prøve å koma bussen i forkjøpet. Gass - brems, gass - brems, gass - brems.......og slik held eg det gåande.

buss_599a

Når eg har nådd bakenden på bussen, er blodtrykket skyhøgt, og skuldrene godt forankra under øyrene. Augene er store og stirrande med blikket festa på venstre blinklys - blinkar, blinkar ikkje. Foten som har vingla mellom pedalane, bevegar seg ned på gassen, og eg fresar forbi. Phuuh, redda for denne gong.

960x

Det heile heng saman med ei oppleving der eg var passasjer, og hadde beste utsikt inn i sida på bussen som bestemde seg for å svinge ut, då me var godt oppe på sida av han. Eg la meg nesten over i fanget på sjåføren og var sikker på at bussen ville inn og handhelsa. Heldigvis tok bussen fornuften fatt og bremsa opp slik at me ungjekk nærkontakt, men eg har aldri hatt same forholdet til bussar etterpå.

ra_buss-jpg

Av ein eller anna grunn ser det ut til at mange bussjåførar meinar at dei ikkje treng å blinke i god tid FØR dei svingar ut, slik at sånne som meg veit kva pedal me skal trø på. Det held at dei blinkar i same augneblink som dei svingar, og resultatet er slike nervevrak som meg, som er overbevist om to ting:                                                   1: Ein dag får eg ein buss i sida.                                                                       2: Eg får ein dag ein bil langt inn i bagasjerommet, når eg trør bremsen i bånn for å UNNGÅ å få ein buss i sida.

Kanskje er det berre busselskapa sin strategi for å få oss til å la bilen stå og ta bussen. Då er ein i alle fall trygg............

Ha ein flott kveld:0)

Bilete henta frå Google biletsøk - søkeord Buss

mandag 18. januar 2010

Mandag!

 

Januar 2010 095

Etter å ha hatt sjuke ungar mesteparten av forrige veke, skal eg ærleg bekjenne at det er godt å ha huset for seg sjølv att. Godt å kunne sige ned i godstolen utan at nokon ropar på mamma etter ca 30 sek, eller går laus på kvarandre i mangel på noko betre å bruka energien på. Som de skjønar har dei nemleg ikkje vore kjempesjuke, berre nok til å måtta vera heime, utan å få lov til å gå ut. Men no satsar me på betre tider.

Januar 2010 108

På laurdag belønna eg meg med ein stor bukett med svakt rosa tulipanar. Nydeleg og vårleg.

Januar 2010 091

Buketten vart sett i min flotte Alvar Aalto vase. Eg har hatt lyst på ein slik vase i årevis, og for eit par år sidan kjøpte eg ein for pengane me fekk av mine foreldre til jul. Kvart år i Januar fyller eg den med tulipanar når jula vert kasta ut. Det finst mange ulike tulipanvasar, men eg må tilstå at eg ikkje synes nokon kjem opp mot denne:)

Januar 2010 111

På spisebordet har eg sett ein samanplantning med Primula. Og ein ting eg kjøper inn når jula går ut. Må liksom ha noko å kompensere med når alt stæsjet vert putta ner i eskene sine. Denne samanplantinga stod på bordet i jula og, men då med kvite minijulestjerner og kvite sviblar i staden for primulaene, så her er det til og med gjenbruk;) Duken er forøvrig ei handlaga bryllupsgåve frå ei tante av meg, og eg er kjempeglad i den duken.

Ha ei flott veke - Her satsar me på friske ungar:0)

tirsdag 12. januar 2010

Ein ny bestevenn........

 

.......kom i hus rett før jul. Det skulle eigentleg vera husbonden og min sin julepresang til kvarandre, sjølv om han juksa litt og det låg opp til fleire presangar under treet til meg, men det er ein annan historie..,,

Januar 2010 074

Me har begge snakka lenge om at me ville ha ein kafimaskin, men syntes det var litt dyrt. Så fekk eg ideen om at dete kunne vera julegåva i år, og når då naboen kunne fortelja at Elkjøp hadde dagstilbod på kaffimaskin 10.desember, var saken klar og kaffimaskina i hus.

Januar 2010 081

No er eg eigentleg typen til å tilbringa maaaaaange timar på nettet og leita etter testar for å finne den beste maskina i vår prisklasse, men denne gongen vart makina innkjøpt kun på eit kriterie - pris. Nokon test på akkurat denne maskina har eg ikkje funne, men andre Siemens kaffimaskinar kjem i alle fall bra ut, og me er særs nøgde:)

Januar 2010 083

Kaffien smakar nyyyydelig, Cremaen på kaffien er tjukk og fin, og når eg berre gidd å studere bruksanvisninga skikkeleg, skal eg nok klare å lage god Espresso, foreløpig har det gått i vanleg kaffi;) Sundag oppdaga eg at anten må Moccamasteren få seg ein skikkeleg rens, ellers så er det rett og slett berre eg som har vorte bortskjemt;)

Januar 2010 063

Her er kvardagen endeleg attende, etter julefeiring, og i helga har storebror feira 5 års dag 2 dagar på rad, med barneselskap på laurdag, og familieselskap på sundag. I dag har eg levert katten til sterilisering, før frk. dings var til øyrenasehalslege til kontroll, medan storebror fekk sitja og teikna på kontoret til tante (takk igjen til svigerinno;), før dei vart avlevert i barnehagen. No skal eg prøva å få bursdagsmiddagen til husbonden i ovnen (gratulera med dagen kjære), før eg hentar katten hos dyrlegen (takk til mor i nabohuset for kattehalding til og frå veterinæren - kven kan hugse å kjøpe bur sånn heilt utan vidare.....) og ungane i barnehagen. Joda, alt er attende til normalen.

Men i postkassa i dag kom denne boka, som ligg og ropar på meg:

Januar 2010 085

Eg gler meg til kaffi, bok og Greys i kveld................                                Ha ein flott dag:0)

søndag 3. januar 2010

Godt nytt år!

Då var jula over for denne gong. I alle fall nesten. Her i huset vert jula verande til etter den Gresk ortodokse jula som er 6 og 7 januar. Men dei late romsjulsdagane med kakao med krem til frukost, er historie. No er kvardagen attende, og det skal sant og seia verta litt godt. Kanskje vert det blogging att og? Her har juleferien tatt så pass overhand at eg knapt nok har opna pc`en.

Desember 093-2

Dermed er det tid for å ynskje dykk alle eit godt nytt år, og takke for det gamle, og det skal frk. dings få æra av å gjera:

Januar 2010 029

Ha ein fin sundagskveld, og ei god fyrste veke i 2010:)