……..har eg strikka litt. Eg har snart tilbrakt mesteparten av 3 mnd i sofakroken. Treng ikkje ligge heile tida, men må ta det veldig med ro. Dermed har eg for fyrste gong i mitt liv strikka eit heilt sett!!!!
Eg er i grunnen ganske stolt av meg sjølv……..Diverre vert det ei stund før me kan ta det i bruk. Eg har strikka str 3-6 mnd for å vera sikker på at eg skulle verta ferdig. No visar det seg at knøttet skal ut seinast om ca 3 veker, nærare 4 veker før termin, så då tar det nok ei stund før han veks inn i dette settet. Eg må tilstå at eg gler meg til alt er over. Guten veks og har det berre bra, men etter ein støkk for 14 dagar sidan, der eg vart sendt med blålys til næraste større sjukehus, og måtte vera klar til KS, kjenner eg at det har vore nok spenning for ei stund. I dag kan eg krysse av for 34 fullgåtte veker, så no er det ikkje krise om han kjem. I morgon er det kontroll, og fastsetting av dato for KS. Spennande.
Sidan sist har storebror vorte skulegut. Etter ein heller laber start har skulen no vorte ganske ok. Rart å tenke på kor stor han har blitt.
Ha ei flott veke:)
2 kommentarer:
Så NYDELEG sett du har laga! Imponert! Ja, for det er jo ikkje så lett å strikka i liggande stilling heller, tross alt..;-) Godt at det nærmar seg ein avslutning nå!
Fiiiin skulegut! Han såg kry ut!
Klem
For eit nydeleg sett du har laga til vetle Martin - og gratulerer så uendeleg mykje med vetleprinsen! Rart å lese dette innlegget no, når eg veit at han kom berre dagar/timar etter kontrollen. Håpar han klarar seg godt, trass tjuvstarten, og at de får nyte også denne fyrste tida.
leit å lese at den forsiktige storebroren har hatt ein tøff start på skuletida, og samstundes godt å sjå at det no går betre.
Pass på deg sjølv og dine, Henriette!
stor klem
Legg inn en kommentar