tirsdag 23. november 2010

Ting skjer…….

 

Lenge har eg hatt lyst tilå gjera noko med stova mi, og sakte men sikkert er forandringa i gang. Akvariet har fått ein ny heim hjå ei venninne av meg, og no er kroken min, som såg slik ut, sånn:

Henriette November10 062

Stova har lysna veldig,og pengane for akvariet og eit eventuelt salg av sofaen vår, vert lagt i ein ny modulsofa i ein eller nyanse av grått. Då vert det hjørnesalong; 3+ hjørne+ 3+ sjeselong. På torsdag skal me avgarde og kikke litt,og kanskje………

I tillegg har eg ein spisestovedel med mykje hyller og vitrineskap i bøk, som eg og ynskjer å bytta ut. Helst i ein heilt enkel kvit vitrine,og kvit lav skjenk med skap og skuffer. Det samlar seg så mykje rot i dei opne hyllene, som eg har lyst til å få vekk. Dei eksisterande Billyseksjonane frå IKEA skal få flytta inn i hobbyrommet, og ned under trappa der ungane kan fylla hyllene med sine spel og bøker.

For litt inspirasjon kjøpte eg meg eit heilt nytt lekkert interiørblad:

Henriette November10 053Henriette November10 056

Faktisk så bra at eg bestilte meg eit abonement:0) Ser du kva det står på???? Eg har fått pianoet mitt i hus! HURRA!!!!  Endeleg etter mange år i pensjon hos mor og far i nabohuset, er det komen heim. Iherdig øving på Til Elise er allereie i gong;) Over pianoet har me hengt TV`n,men bilete av stasen får venta, for foreløpig heng ledningane og sleng, og DVD`ane er stabla på sida;)

Ha ein flott ettermiddag:0)

2 kommentarer:

Rosa sa...

Så fint det vert!
Og så stas med piano i huset. Me har jo eit flygel i stova no, og det er flittigt i bruk, både av Rosamannen og av dei små m/vener :)

Herleg snuppe i innlegget under her òg. Eg har ei som er så inderleg blid og glad når ho er på skule og SFO, men som mistar litt piffen når ho kjem heim på ettermiddagen. Me får jo sjølvsagt vere glad det ikkje er omvendt ;)

Lukke til med sofakikk og kanskje..... :)

klem

Anita sa...

Heia. Lenge sia nå:) Eg les at akvariet deres har fått ein ny heim, og det var da endelig godt. Me har mått gått til innkjøp av eit. Har ein mega interessert fiskagut i huset:) Du hadde fått det så koselig i sofakroken din!!

Gratulere med leilighet nede Israel. Det så jo bare helt fantastisk ut!! Gleder meg til å se bilder når den er ferdig:)

Klem Anita