mandag 21. juni 2010

Junidraum.

 

Henriette Juni 048

Denne helga har me tilbrakt i midt private paradis på hytta. Ingen ting for meg er meir sommar enn det å gå den smale vegen ned til sjøen, medan sola skin og lukta av salt sjø kitlar i nasa. Når me kjem til det siste stykket ser me nausttaka og sjøen innrama av grøne trær. Å få gje dette vidare til ungane mine, er eit privelegium.

Henriette Juni 037

Bortsett frå å slå plenen – som er stooooooor- gjorde me ingen ting anna enn å kosa oss og nyta livet;) Hærleg:) Lurer du på kvifor det er så stilt på bloggen for tida? Eg kan ikkje sei så mykje, men eg jobbar med å realisera ein draum eg har hatt lenge. Går alt i boks skal de få veta kva som skjer,og fell det heile i fisk forbigår me det i stillhet;) Men enn så lenge vert det sporadiske oppdateringar.

Ha ein flott Juni:)

2 kommentarer:

Inger Johanne sa...

Hei min venn!

Så fine bilder. Tenke dokke koste dokke i nydeleg sommarver!

Nå er eg sååååå snydens nysgjerrige, på kva for ein draum som skal realiserast... Spennande!!

God klem til deg!

Rosa sa...

Åh, så herlegt!!! Skulle gjerne hatt ei slik hytte ved sjøen, kjenner eg.

Høyrest spennande ut med draumen, og eg håpar no du avslører litt anten det vert fugl eller fisk ;)

Og du - du er ein vinnar - send meg adressa di, då!