lørdag 27. mars 2010
torsdag 25. mars 2010
God påske ♥
Ein skjønar at ein er ute og kjøra når ein kjøper snop berre fordi det ser så fin ut i skåla;)
Om dei smakar godt? Anar ikkje, men dei skal få lov til å vera med på hytta, og pynte opp til påske.
Saman med dei søte Maileg - påskeegga er påskestemninga på veg. I morgon reiser me på hytta (slemme tjuvar kan berre halda seg vekke, husbonden er heime, og når han kjem til hytta, passar andre huset;) og kor mykje blogging det vert derifrå kjem heilt an på mobilen;)
Denne søte påskekyllingen og eg ynskjer dykk alle ei god påske. Det går an å ta kyllingen ut av "egget" og legge noko oppi. Då eg var lita, stod det ein slik ved sida av tallerken på påskemorgonen, og oppi låg det ein sjokoladebit. Mmmmmmm.
Ha ein flott påske♥
mandag 22. mars 2010
Visst skal våren koma.
I dag har eg vore på ein liten rusletur i hagen, for å sjå kva som stikk hovudet opp no når snøen er vekke. Jammen veks det fort, og det er tydeleg at NO er våren undervegs. I går kveld sang til og med svarttrosten for full hals:)
Under kristornen blømer Krokusen for fullt. Alle bæra de ser er Kristornbær, og i bakgrunen kan de sjå masse små kristornplanter. Om nokon vil ha ein Kristorn er det berre å sei i frå. Me druknar i Kristorn i hagen. Etter å ha sagd ned eit par stykker har me framleis 5 stykker i hagen, men eg trur det ryk eit par til i år.
Dette er den fyrste spede spira på Peona mi. Kanskje ho kjem med blom i år.......
Til slutt må eg berre vise forskjellen på årets vinter og fjoråret. I januar i fjor såg ranunklane mine slik ut:
I dag, 22.mars var dette alt eg fann. Eg lurer litt på om dei i det heile har overlevd vinteren.......Me får sjå.
Ha ein flott mandagskveld♥
søndag 21. mars 2010
Medan me venta på våren.......
....har eg strikka og strikka. Plutseleg var det kjekt, og eg tenkte at eg måtte smi mens jernet var varmt. Det resulterte i tunikaen eg viste for eit par innlegg sidan, og denne tunikaen de ser her er allereie teken i bruk:
I tillegg er eit par prosjekter til nesten fullførte, så eg er i grunnen strålande nøgd:0)
No gler eg meg til å ta fatt på nye prosjekter i påskeferien. Nedtellinga til ferien er begynt, og på fredag reiser me å hytta. Me pussa ganske mykje opp i fjor, noko de kan sjå her og her. I år skal det og pussast opp, men no i påsken ska me berre nyyyyyta.
Oppi senga her, skal eg kosa meg med både strikketøy og bok. Hæææærleg:0)
Ha ein flott dag♥
torsdag 18. mars 2010
De må spara på vatnet!!!!
Det er meldinga me høyrer støtt og stadig for tida. Det er jo vannmangel må veta! Kan du tenka deg! Vannmangel på vestlandet! Joda, etter 3 mnd med snø i staden for regn skortar det på drikkevatnet, men eg kjener eg protesterer litt på denne påståtte vanmangelen.
Det er jo berre til å sjå seg rundt, så finn me vatn i alle retningar. Berre på veg til barnehagen i dag passerte eg ei elv, eit STORT vatn og eit lite vatn - alle fulle av - nettopp - vatn! Eg er fullt klar over at me ikkje berre kan rusla ut og drikka dette vatnet, men eg er 100% siker på, at om det vart naudsynt, kan me koka, rensa og drikka det.
Etter å ha tilbragt ein del tid i Israel og Palestina synes eg at vannmangelen vår er noko overdreven. Der og mange andre stader i verden tyder vannmangel nettopp mangel på vatn. Når det er tomt er det TOMT. Då er det ingen andre stader å hente vatnt. Ingen store vatn og elvar som ligg klare og ventar i tilfelle drikkevasskjelda går tom.
Dermed vert dette eit lite hjartesukk frå meg. Spar på vatnet, men lat oss ikkje gå av hengslene. ME HAR VATN!!!! MASSE vatn. Og kjenner eg Vestlandet (og resten av Norge) rett , regnar det nok snart nok til at me kan opne springen utan å bekymre oss for at drikkevasskjelda skal vere tom.
Ha ein flott dag♥ Bilete frå Google
tirsdag 16. mars 2010
Forandring fryder????????
Dette bietet er eit 1,5 år gamalt bilete frå sofakroken vår, men det er ikkje mykje som har endra seg. No har eg hamna i tenkeboksen.......Akvariet var ein investering eg hadde drøymt om lenge, og som eg var kjempelukkeleg for å få i hus, men no......
Stova vår er ikkje av dei største, og vanskeleg å møblere. Me har ikkje for mykje sitteplass, og akvariet er rimeleg dominerande. I tillegg er den 5 år gamle svarte skinnsofaen superpraktisk, men absolutt ikkje det eg ville valgt no.
Dei siste månadane har tanken på å selgja akvariet dukka opp stadig oftare. No har eg plutseleg inkludert tanken på å selgja sofaen og.......
Korleis sofakroken ser ut kan du sjå her. Eg lurer på å fjerne akvariet og bytte ut sofaen i noko slikt
Ikkje denne varianten, men den noko liknande i ein mørk gråblå farge. Kanskje 3 + 3 + sjelselong.....Kva trur du?????
Dette er ikkje drøfta med husbonden, og det skjer ikkje i morgon, men tanken er der......Kom med synspunkt:0)
Ha ei flott veke♥
søndag 14. mars 2010
Utrykning!!!!

Ynskjer dykk ein god sundag med eit bilete frå Mars i fjor. I år er ståa noko annleis, eg klarte ikkje ein gong å grave meg ned til Timianplanta i urtehagen min pga av all snøen.....Men no er våren på veg, sjølv om det har snøa i dag. Eg har nemleg sett både Snøklokker og Krokus!!!!

Ha ein god sundag♥