mandag 18. januar 2010

Mandag!

 

Januar 2010 095

Etter å ha hatt sjuke ungar mesteparten av forrige veke, skal eg ærleg bekjenne at det er godt å ha huset for seg sjølv att. Godt å kunne sige ned i godstolen utan at nokon ropar på mamma etter ca 30 sek, eller går laus på kvarandre i mangel på noko betre å bruka energien på. Som de skjønar har dei nemleg ikkje vore kjempesjuke, berre nok til å måtta vera heime, utan å få lov til å gå ut. Men no satsar me på betre tider.

Januar 2010 108

På laurdag belønna eg meg med ein stor bukett med svakt rosa tulipanar. Nydeleg og vårleg.

Januar 2010 091

Buketten vart sett i min flotte Alvar Aalto vase. Eg har hatt lyst på ein slik vase i årevis, og for eit par år sidan kjøpte eg ein for pengane me fekk av mine foreldre til jul. Kvart år i Januar fyller eg den med tulipanar når jula vert kasta ut. Det finst mange ulike tulipanvasar, men eg må tilstå at eg ikkje synes nokon kjem opp mot denne:)

Januar 2010 111

På spisebordet har eg sett ein samanplantning med Primula. Og ein ting eg kjøper inn når jula går ut. Må liksom ha noko å kompensere med når alt stæsjet vert putta ner i eskene sine. Denne samanplantinga stod på bordet i jula og, men då med kvite minijulestjerner og kvite sviblar i staden for primulaene, så her er det til og med gjenbruk;) Duken er forøvrig ei handlaga bryllupsgåve frå ei tante av meg, og eg er kjempeglad i den duken.

Ha ei flott veke - Her satsar me på friske ungar:0)

5 kommentarer:

SynnePynne sa...

Så nydelege tulipaner, man må unne seg det innimellom for å friske opp litt. Eg har vært heldig å hatt mamma på husmorvikariat ei veke, så her bugnar det av tulipaner etter ho. No gjeld det berre å halde dei i live :-)

Ha ei fin fin veke.

Synne

Pia sa...

Nydelige blomster!
Det er jo tid for forkjølelse og annen sykdom nå. Men ønsker dere en god bedring!
Ha en flott dag!

AnnaJohanna sa...

Så bra at ungene er friske nå!! Nydelige tulipaner du har kjøp deg, vel fortjent!

Ønsker dere en frisk uke!

Klem Johanna

Rosa sa...

ja, sant dei lyse rosa var delikate? Mine står på kjøkkenbordet og eg blir litt glad kvar gong eg ser på dei.

Det er ikkje berre-berre med sjuke ungar som i tillegg har nok energi til å "gå på veggane". Då har ein iallefall fortent noko litt ekstra å trøyste seg med!

Håpar alle i husa held seg friske no, og at de får ei god veke.

stor klem

Inger Johanne sa...

Hei søster Henriette!
Fekk så lyst til å besøke bloggen din igjen! Kosligt å "høyra" den fine dialekten din igjen! Nå vil me snart komma på besøk i Sveene 1 - håpa me får lov til det!!
Ang. vasen din - den snakka du med lengsel i stemmen om allerede på sjukepleien - så den er vel unt;-)

Eg har forresten fått meg blogg òg...

Klem