onsdag 12. august 2009

Magisk......

Topplogo_bml_2009

Me var ikkje så reint få som hadde tatt turen til Moster Amfi og Miss Saigon i går. Her står me i kø i påvente av at dørene opnar. I Amfiet er det ikkje numererte plassar, så det gjeld å vera ute i god tid, så ein kan få ein god plass.

August 074

Men når alle er vel inne, og me har "tokka" oss litt, så det ikkje er så "grese" i benkene, og alle har fått plass, då er det berre å nyyyyyyyyta den unike opplevinga det er å vera på musical i Moster Amfi.

August 077

Bømlo musicallaug har sett opp fleire kjende musicalar dei siste åra, og dei har vorte profesjonelle i det dei gjer, og har og med seg profesjonelle songarar og musikarar, saman med amatørar. Resultatet er heilt fantastisk!

August 079

Det var film og fotoforbud, men eg sneik meg til eit par bilete under forestillinga. Ei av fordelene med godt kamera er at blits ikkje er eit must;) No skal det seiast at eg er særs lovlydig, og eg kjende meg som reine forbrytaren, og hadde rimeleg høg puls då eg knipsa. Eg var sikker på at eg skulle kjenne ei tung hand på skuldera med beskjed om å slette bileta umiddelbart! Men det gjekk bra, og eg ber herved audmjukt om tilgjeving, men det er noko med at det er lettare å få tilgivelse enn tilatelse.....................

August 081 

Miss Saigon i Moster Amfi var ei fantastisk oppleving, og har du mulighet til å reise dit bør du sjå om det finst billettar att.  Eg har sett musicalen i London og, men dette var minst like bra, og stemninga når mørkret senkar seg og månen kjem opp over amfiet er magisk.  Musicalen går t.o.m sundag, så løp og kjøp!!!!

Ordliste: "Tokka" - ake seg nærare kvarandre. "Grese" - god plass.

Topplogo Miss Saigon er lånt frå Bømlo musicallaug. Klikk på biletet så kjem du til heimesida deira.

5 kommentarer:

Mira sa...

Skulle eg gjerne gjort,visst eg var "heima".Min mor var fra Bømlo. Men eg har aldrig vert i moster amfi. Klem fra en halvt Bømling.

Muskatt og kardemomme-Kjersti sa...

Så bra at du koste deg i går!
Og du,jeg må bare fortelle deg noe hærlig...
Det finnes en oppfølger til sjokoladeboken,hurra!
Kjerstiklem

Rosa sa...

har høyrt mykje bra om oppsetningane der ute, ja. Kjenner eit par stykker frå Voss som var med på ein av dei. Skal få med meg dette ein gong, men ikkje i år :)

Lisemoren sa...

Å ja, dette var sikkert en flott opplevelse. Det er ofte vel så kjekt med slike arrangementer, der det også er mange lokale krefter med, som de store oppsettningene i byene.

Jeg har vært på en del spel, og syns det er noe helt eget å sitte ute i sommernatten og bare nyte slike musikalske opplevelser. Skulle gjerne vært der.

Jeg er ellers akkurat som deg, rimelig lovlydig, så jeg fniste litt av fotograferingen din.

God helg, hilsen Lisemoren

Rosa sa...

....og du? Tusen takk for gode ord om scrappinga mi! Eg føler meg ikkje "i form" på det området for tida, og noko kurs er eg nok ikkje istand til å halde. Men ein scrappedag hadde vore kjekt, så kunne me jo funne ut av det saman ;)