mandag 13. juli 2009

Man tager to ægg.....

 

.......eller nei, det gjer ein ikkje dersom ein skal bake pitabrød;) Nokre av dykk etterlyste oppskrift på pitabrøda eg viste i eit tidlegare innlegg, og eg måtte tilstå at det ikkje er eg som er bakemester. Det er nemleg husbonden og svigerinno som står for pitabakinga, og sidan husbonden bakar i STORE kvanta, og svigerinno er på ferie, tok det litt tid, men her kjem oppskrifta:) Har fått ho pr telefon, og no må eg skunda meg å leggja ho ut før eg rotar vekk konvolutten ho er skriven på;)

Mai 2009 397

PITABRØD

3dl vatn                                                                                                                 3dl melk                                                                                                                     2ts salt                                                                                                                        2ss sukker.                                                                                                            Bland melk og vatn, og rør inn nok kveitemjøl til ein litt fast deig. Bland inn salt og sukker undervegs.                                                              Sett deiegn til heving i ca 1 time.                                                                   Del deigen opp i emner og trill ut litt stor boller. Lat stå ei lita stund. Kjevle bollene ut til runde "pannekaker". Dersom deigen trekkjer seg saman, og er vonde og kjevle ut, lat bollerne stå litt til.                                                                                                                                 Steik på brett midt i ovnen, på 250 grader i 7 - 9 min.                       PASS PÅ!!!! Det tar sekunder frå gylne lekre pitabrød, til brente ikkje fullt så lekre pitabrød;) Fyll pitabrøda med det du måtte ynskje, eller et dei som tilbehør til grillmat:)

BON APPETITT   

Mai 2009 408

5 kommentarer:

Anonym sa...

Takk, dette skal prøves ut! ha en fin dag!

Vibeke sa...

dette må nok prøves :)

AnneKa sa...

Mmmm flott å finne oppskrift på pitabrød, dette skal prøves :-)

Anonym sa...

oooops..... ser ut for at nokon har gløymd å fortelja deg at det må faktisk vera gjær i deigen for at pitabrøda skal innta rette fasongen....
Lurer på korleis det kan ha seg.....
Men altså kan ein trygt bruka ein pakke gjær til denne oppskrifta!

Svigerinno

Linda S sa...

Desse såg herlige ut, tar med meg denne oppskrifta :)