…..er å koma heim med eit nytt tilskot til familien.
Vår flotte vesle keisar kom til verda 6 veker før tida 10.09.2011.
Stolte storesøsken, og takknemlege foreldre kosar seg med gullet.
…..er å koma heim med eit nytt tilskot til familien.
Vår flotte vesle keisar kom til verda 6 veker før tida 10.09.2011.
Stolte storesøsken, og takknemlege foreldre kosar seg med gullet.
……..har eg strikka litt. Eg har snart tilbrakt mesteparten av 3 mnd i sofakroken. Treng ikkje ligge heile tida, men må ta det veldig med ro. Dermed har eg for fyrste gong i mitt liv strikka eit heilt sett!!!!
Eg er i grunnen ganske stolt av meg sjølv……..Diverre vert det ei stund før me kan ta det i bruk. Eg har strikka str 3-6 mnd for å vera sikker på at eg skulle verta ferdig. No visar det seg at knøttet skal ut seinast om ca 3 veker, nærare 4 veker før termin, så då tar det nok ei stund før han veks inn i dette settet. Eg må tilstå at eg gler meg til alt er over. Guten veks og har det berre bra, men etter ein støkk for 14 dagar sidan, der eg vart sendt med blålys til næraste større sjukehus, og måtte vera klar til KS, kjenner eg at det har vore nok spenning for ei stund. I dag kan eg krysse av for 34 fullgåtte veker, så no er det ikkje krise om han kjem. I morgon er det kontroll, og fastsetting av dato for KS. Spennande.
Sidan sist har storebror vorte skulegut. Etter ein heller laber start har skulen no vorte ganske ok. Rart å tenke på kor stor han har blitt.
Ha ei flott veke:)
Prinsessa i familien har fylt 5 år i sommar. Bakdelen med å ha bursdag midt i fellesferien er at alle er vekkreist. Fordelen er at ein får feira i mange omgangar. No i helga var det selskap for barnehage veninnene, og familieselskap for dei av familien som ikkje var heima på dagen.
Mammo laga fekake, og jenta fekk pynta seg i yndlingskjolen. Blomsten i håret kom i eine pakken, og har knapt nok forlatt håret etterpå. Utruleg at det er 5 år sidan denne smilande, energibunten kom til verda. Det vert spanande å sjå korleis ho taklar rolla som storesøster. Foreløpig får magen kos og klem kvar dag,og no er det berre ca 8 veker att til broremannen kjem – spennande.
Ha ei flott veke alle saman.
Bilete lånt frå Google
I dag vil eg berre utrykkje medkjennsle med alle dei som er berørt av tragedien i Oslo. Vårt vesle land skakar i grunnvollane i dag, og eg føler meg hjelpelaus. Må me ikkje la oss oppsluke av hat, men jobbe for ei fredleg verd.
Det er nemleg det dette er. Livet står liksom litt på pause, samstundes som det går framover akkurat som det pleier. Eg har nemleg fått beskjed om å berre “ruge” framover. Kan ha forholdsvis normal aktivitet, bortsett frå at eg ikkje skal både det eine og det andre. Dermed vert det litt begrensa kva eg egentlig kan gjer. I tillegg kan eg ikkje fly, og skal ikkje vera lenger vekke frå næraste sjukehus enn max 2 timar. Altså vert det ikkje den store feriesommaren i år, men hytta ligg berre 50 min frå sjukehus, så dit kan eg i alle fall reise.
Eg har funne ut at dette er ein glimrande anleding til å lime bilete inn i album, så alle scrappesakene er henta ned frå loftet (ikkje av meg), og håpet er at til knøttet gjer sin entre`har frk dings og storebror fått sine eigne album. Det er jo lov og håpe……..;)
Ha ein flott sommar. Eg kryssar fingrar for at sola snart dukkar opp, slik at eg får følelsen av at det faktisk ER sommar…
Lova for ein halv evighet sidan at eg skulle visa dykk flisene til Leiligheten i Beit Jala, så her kjem eit lite glimt av flisene til hovedbadet.
Har ein draum om at leiligheten skal verta ein blanding av midtausten og noreg, litt tradisjonelt og litt gamaldags. På badegolvet vert det difor store beige fliser, der ein del vil vera mosaikk fliser. Me har valgt store rektangulære kvite fliser til veggene, men ein vegg vert mørkegrå fliser med svart mønster i høgglans. Det er dei flisene som er bakgrunnen på kollasjen. Badekaret vart sjølvsagt med løveføter og kranerog dusj vert i god gamaldags utføring.
Servantskapet vert som på biletet over, berre i kvitt, i dobbel utgave med to servantar. Det vert heil plate oppå, og servanten står oppå plata. Altså som på biletet, berre heilt annleis;)
Det skal seiast at flisene til heile leiligheten vart vald på 2 timar, så eg håpar me ikkje angrar. Må og nevna at dei syntes at den norske dama var litt rar. Kvifor i all verda skulle me ha mosaikkfliser på badet, og ikkje i gangen? Det er jo ingen som ser dei på badet!!! Og ein heil vegg med svarte fliser???? Må nevnast at 90% av alle bad der nede er fullstendig BEIGE med litt innslag av gull og glitter. Sa du kulturkræsj???
Skal sjå om eg får somla meg til å visa dykk tankane om kjøkenet. Kan kanskje trenga litt innspel;)
Ha ei flott helg:0)
Akkurat no er det dette som gjeld:
Frisk frukt med Vaniljekesam….mmmmmmmmmmmmm….. For anledningen til og med i rødt, kvitt og blått;)
Gler meg til å nyta herligheten til semifinalen i Norske talenter.
God helg:0)
Bilde lånt frå Google
Då kikkar eg forsiktig inn i bloglandia att. Har vore vekke leeeeeeeeenge, utan særleg anna årsak enn total blogsperre. Faktisk så ille at eg knapt nok har lese andre sine bloggar. Men i det siste har eg kjent på lysten til å blogge att, og om eg kanskje ikkje oppdaterer veeeeldig ofte så håpar eg å kikke innom i ny og ne;) Tusen takk til Guttemamma som til og med har etterlyst meg. Så koseleg at nokon faktisk har savna meg.
Her har det skjedd litt sia sist. Ny sofa er på plass, og stova vart såååå fin:0) Berre sjå:
Alle i familien er storfornøgde med nyanskaffelsen, som storebror sa; Me har mjuk sofa!!! Fort gløymde me at det faktisk tok 5 mnd frå me bestillte til sofaen ankom, men den som ventar på noko godt……..
Ellers så har storebror fylt 6, og vore på bli kjent dagar på skulen, og møtt både lærar og klassen han skal gå i. STOR stas! Frk. dings teller ned til sin 5 års dag i Juli, og begge to er svært opptatt av familiens nyaste tilskot, som foreløpig befinn seg i mamma sin mage, og er venta å gjera sin entre i Oktober;)
Då er statusrapport avgitt, og så håpar eg sjølvsagt å vera attende før de anar;)
Ha ei flott veke:0)
Vakrare morgonar enn dei som er no, trur eg ikkje finnest. På veg til barnehagen paserar me “Kyrkjeberget”. Slik har det sett ut nesten kvar dag i lengre tid, og ein morgon måtte ungane venta i bilen, slik at ho mor fekk ta bilete.
Svanane synes nok det kan verta litt kaldt, og ventar trufast på nokon som kan gje dei litt mat.
Dette kvite frostlandskapet fyller meg med glede,og eg kjenner julestemninga koma sigande. Kor godt det er å ha tid til å glede seg til jul- å kjenne forventnig…..
“ Forventning -
Det er den litt kilne følelsen rett før. Alltid FØR. Før dører åpnes eller selskapet begynner. Det rare suget i maven ved et uåpnet brev, – en pakke……. eller en reise. Bølgende knær like før HAN kommer til middag. Skrekk og fryd på en gang. Bare en ørliten kikk gjennom dørsprekken bryter fortryllelsen. Da er FØR allerede NÅ…….. og jeg må hive meg ut i selve livet.” Iben Sandemose 2001
Nyt førjulstida:) Ta deg tid til å stoppe opp og kjenne på forventninga før augneblinken er over:)
Lenge har eg hatt lyst tilå gjera noko med stova mi, og sakte men sikkert er forandringa i gang. Akvariet har fått ein ny heim hjå ei venninne av meg, og no er kroken min, som såg slik ut, sånn:
Stova har lysna veldig,og pengane for akvariet og eit eventuelt salg av sofaen vår, vert lagt i ein ny modulsofa i ein eller nyanse av grått. Då vert det hjørnesalong; 3+ hjørne+ 3+ sjeselong. På torsdag skal me avgarde og kikke litt,og kanskje………
I tillegg har eg ein spisestovedel med mykje hyller og vitrineskap i bøk, som eg og ynskjer å bytta ut. Helst i ein heilt enkel kvit vitrine,og kvit lav skjenk med skap og skuffer. Det samlar seg så mykje rot i dei opne hyllene, som eg har lyst til å få vekk. Dei eksisterande Billyseksjonane frå IKEA skal få flytta inn i hobbyrommet, og ned under trappa der ungane kan fylla hyllene med sine spel og bøker.
For litt inspirasjon kjøpte eg meg eit heilt nytt lekkert interiørblad:
Faktisk så bra at eg bestilte meg eit abonement:0) Ser du kva det står på???? Eg har fått pianoet mitt i hus! HURRA!!!! Endeleg etter mange år i pensjon hos mor og far i nabohuset, er det komen heim. Iherdig øving på Til Elise er allereie i gong;) Over pianoet har me hengt TV`n,men bilete av stasen får venta, for foreløpig heng ledningane og sleng, og DVD`ane er stabla på sida;)
Ha ein flott ettermiddag:0)
Me ha vore på 4 års kontroll, og frk. dings var svært så blid, og prata i vei.
Helsesøster: “ Eg høyrer du kan mange ord, og det er bra for då kan du seie korleis du har det, om du er trist eller glad. Er du glad av og til?”
Frk dings tenkte seg litt om og svarte :” Eg er alltid glad eg.”
På fisketur i bekken med makkespann og fiskeveske.
Vera med og agna kroken, og koma stolt attende med fangst.
Heldige me som har “bonusbesteforeldre”:0) Takk tante og onkel for ein koseleg ettermiddag.
Foreløpig er det ikkje så mykje å ønske velkommen til, men kanskje til neste haust????? Neste haustferie håpar eg me tilbringer i eigen leilighet i Beit Jala.
Dette er trappa ned til inngangspartiet vårt. “Halvmuren” mellom søylene har me fått fjerna til stor forundring for bygningsfolket. Vindauga innafor er nemleg inn til soverommet, så her burde det absolutt vera eit skille meinte dei. Gje oss god plass til møblar, stæsj og kanskje nokre oliventrer, tenkte mor, og sidan husbonden var enig er muren no historie:0)
I tillegg er den smale tarmen bort til inngangspartiet blitt utvida, og er like brei som muren de ser i høgre bildekant. Så no har me god plass til å nyyyyte grilling og seine kveldar.
Her står fotografen med ryggen til inngangsdøra og ser inn i kjøkkenet rett fram, og stova inn til høgre. (Med den blå bøtta) Det kjem opp ein vegg mellom den veggen bygningsfolka støttar seg på, og den “søyla” mor i nabohuset står framføre.
Frk. dings og storebror utforskar territoriet, og fann bassenget dei blanda betongen i særs interesant. For dei som lurar, skal det ikkje vera der i framtida, sjølv om det kunne vorte ei fin lita fontene;)
Her ser me mot inngangsdøra, stova til venstre. Eg håpar me kan få plass til ein lekker skyvedørsgarderobe frå IKEA mellomvindauga og veggen. Kjem litt an på djupna……Til og med husbonden har vorte så skandinavisk at han ynskjer sko og jakke fri sone innomhus……;) Og IKEA finst til og med her….I Tel Aviv ca 1 times køyring vekke.
Eigentleg er dette ein DIGER leilighet på over 300 kvadrat,men me deler den i to, og leiger vekk eine delen. Dermed kjem det opp ein vegg mellom “søyla” og den originale kjøkenveggen slik at buen til høgre i biletet er inne i den andre leiligheten. Kjøkkenet vert då på den veggen som kjem opp, og så vert det spisestova inn i høgre biletkant,som då er rommet på biletet under.
Vindauga husbonden og arbeidsfolka står framføre vert gjordt om til ei dobbel skyvedør i glas, med ein liten balkong utanfor, og utsikta ser de på biletet under. Panoramautsikt over Beit Jala, og Betlehem.
Midt i biletet ser de eit "kulturhus” som opna medan me var der nede, og bakom det ligg det ein liten park med leikeplass for ungane. På sida av kulturhuset vert det no bygd hotell, den store opne plassen vert ballplass, og ved sidan av ballplassen vert det symjebasseng. Alt er innan gåavstand frå leiligheta. Verken fine leikeplassar, parkar eller basseng veks på tre i dette området, så me er kjempeheldige. Svigers bur i same veg som kulturhuset berre litt utanfor høgre biletkant.
Soverom og bad er ikkje så interesant å vise fram, men snart skal de få sjå flisene me har plukka ut, og baderomsinnredning og kanskje draumekjøkenet……….;)
Ha ein flott dag. Me skal ut å fiske aure i bekken:0)
Priveligerte er me som kan reise til familie i Palestina. 3 veker hos svigers i Beit Jala, 1km frå Betlehem, der ungane fekk nyplukka druer, fiken og Granateple frå naboen sin hage.
Spanande og eksotisk for både store og små:0)
I framtida vert det nok hyppigare besøk, då me har kjøpt oss leilighet der nede. So langt er det berre betongveggar og golv,men fliser og baderomsinventar er bestilt……Skal vise bilete om litt;)
Ha ei flott veke.
Klem
Må berre dela litt av hagen min med dykk. Ein hage full av gamle roser og Peonar er draumen, og litt er på plass.
Det er første året Peonane mine verkeleg blømer, og eg får rett og slett ikkje nok.
Det øverste bilete er av rosa under, som kjem frå hagen ved somarhuset vårt. Nyyyydeleg rose med fantastisk lukt.
Eg var så heldig og vinne jubileumskonkuransen inne hos Rosa , og her om dagen ramla ein kjempekoseleg pakke ned i postkassen.
Tuuusen takk. Eg vart SÅ glad, og kokeboka skal få bu i sommarhuset vårt, medan skåla allerede har fått plass på bordet:)
Ellers så må eg be om ei audmjuk unskulding til alle eg skulle ha vore innom, men ikkje har besøkt. Eg lovar eg skal verta flinkare når ting fell litt meir på plass…………Ha tolmod med meg;)
Ha ei flott veke:0)