fredag 19. oktober 2012

å sånn går no dagan……..

 

Å gå frå 2 til 4 born i løpet av vel året, er av og til ei litt surealistisk oppleving. For det meste går det forbausande lett, men det er jammen ikkje mykje husarbeid ein får gjort. I alle fall ikkje eg…..Eg meinar nemleg at det er mitt privelegium å kunne sette meg ned og lese aviser og drikke kaffi når begge søv samstundes. Faktisk trur eg det er heilt nødvendig for å bevare min mentale helse.

IMGP7418

 

Her vil det seie at når dei to eldste er ute av huset om morgonen, veslesøster søv søtt i senga si og berre junior kryp rundt beina mine, fyk eg som ei forvirra skjor rundt i stova og på kjøkenet og prøver å gjere alt på ein gong. Ta ut av og sette inni oppvaskemaskin, sette på ein vaskemaskin, evt tømme den for reine klær først (dersom dei ikkje har lagt så lenge at eg må vaske dei ein gong til før eg heng dei opp….), rydde litt i stova og gangen, legge junior, rydde litt meir i stova og vaske over golvet, og så………kaffi, sjokolade og avis:) No høyrest det ut som eg gjer ein heil masse, men sannheten er at når eg då har sett meg, får eg ikkje gjort meir den dagen. Når pausen er over er det berre tid til å sjå etter ungane til dess dei er i seng, og når dei er i seng då er eg stuptrøtt og siiiiiig ned i sofaen der eg vert til husbonden vekker meg og spør om eg ikkje har meir lyst til å sove i senga mi.

imagesCA7APQ7L

Problemet kjem dei dagane ting ikkje går som planagt, som i dag……..Junior vakna alt for tidleg, måtte difor kvila tidleg, og vakna etter ei alt for kort kvild, samstundes som veslesøster var klar for mat og stell. Eg hadde heldigvis rukke og ta utav og sette inni oppvaskmaskinen, men resten ser nokså bomba ut. Tanken på at heile husbonden sin fam kjem på besøk søndag, og eg ikkje anar kva tid eg ska få rydda og vaska gjer meg litt stressa. Me vert ikkje mindre enn 26 stk med smått og stort, og alle desse skal eg ha kaffimat til. Hjelp!!!!! Konklusjonen vert at her må det verta enkelt. Eg får rydde og vaske synlege flater, kjøpe marengsbotnar, vaniljekrem og fruk og lage pavlova + is og ei langpanne sjokoladekake. Dei seier jo at det enkle er ofte det beste…..Lurer på om eg ikkje har sett at Greeengate har kjempefine eingongstallerkar, og duk er strengt tatt berre til å friste klåfingra eittåringar med.

imagesCA86QGH2

Har berre eit problem igjen  - eg har ikkje rukke kaffi, sjokolade og avis i fred og ro……….Det er best ungane ligg lavt i terrenget til dess mor har fått gjennoppretta den mentale balansen……..

Ha ein flott fredagskveld.

1 kommentar:

Rosa sa...

hihi, eg må jo le litt, når du fortel så levande. Og så må eg jo gratulere med bittevetlesyster (sjølv om eg trur eg har gjort det på fb?).
Jammen går det hyvande der ute! ;)


Håpar besøket i helga går bra, og ikkje vert berre stress for mor sjølv.

God helg, Henriette!