Foreløpig er det ikkje så mykje å ønske velkommen til, men kanskje til neste haust????? Neste haustferie håpar eg me tilbringer i eigen leilighet i Beit Jala.
Dette er trappa ned til inngangspartiet vårt. “Halvmuren” mellom søylene har me fått fjerna til stor forundring for bygningsfolket. Vindauga innafor er nemleg inn til soverommet, så her burde det absolutt vera eit skille meinte dei. Gje oss god plass til møblar, stæsj og kanskje nokre oliventrer, tenkte mor, og sidan husbonden var enig er muren no historie:0)
I tillegg er den smale tarmen bort til inngangspartiet blitt utvida, og er like brei som muren de ser i høgre bildekant. Så no har me god plass til å nyyyyte grilling og seine kveldar.
Her står fotografen med ryggen til inngangsdøra og ser inn i kjøkkenet rett fram, og stova inn til høgre. (Med den blå bøtta) Det kjem opp ein vegg mellom den veggen bygningsfolka støttar seg på, og den “søyla” mor i nabohuset står framføre.
Frk. dings og storebror utforskar territoriet, og fann bassenget dei blanda betongen i særs interesant. For dei som lurar, skal det ikkje vera der i framtida, sjølv om det kunne vorte ei fin lita fontene;)
Her ser me mot inngangsdøra, stova til venstre. Eg håpar me kan få plass til ein lekker skyvedørsgarderobe frå IKEA mellomvindauga og veggen. Kjem litt an på djupna……Til og med husbonden har vorte så skandinavisk at han ynskjer sko og jakke fri sone innomhus……;) Og IKEA finst til og med her….I Tel Aviv ca 1 times køyring vekke.
Eigentleg er dette ein DIGER leilighet på over 300 kvadrat,men me deler den i to, og leiger vekk eine delen. Dermed kjem det opp ein vegg mellom “søyla” og den originale kjøkenveggen slik at buen til høgre i biletet er inne i den andre leiligheten. Kjøkkenet vert då på den veggen som kjem opp, og så vert det spisestova inn i høgre biletkant,som då er rommet på biletet under.
Vindauga husbonden og arbeidsfolka står framføre vert gjordt om til ei dobbel skyvedør i glas, med ein liten balkong utanfor, og utsikta ser de på biletet under. Panoramautsikt over Beit Jala, og Betlehem.
Midt i biletet ser de eit "kulturhus” som opna medan me var der nede, og bakom det ligg det ein liten park med leikeplass for ungane. På sida av kulturhuset vert det no bygd hotell, den store opne plassen vert ballplass, og ved sidan av ballplassen vert det symjebasseng. Alt er innan gåavstand frå leiligheta. Verken fine leikeplassar, parkar eller basseng veks på tre i dette området, så me er kjempeheldige. Svigers bur i same veg som kulturhuset berre litt utanfor høgre biletkant.
Soverom og bad er ikkje så interesant å vise fram, men snart skal de få sjå flisene me har plukka ut, og baderomsinnredning og kanskje draumekjøkenet……….;)
Ha ein flott dag. Me skal ut å fiske aure i bekken:0)
7 kommentarer:
Å, så spennende med helt ny leilighet!
Kan tenke meg deregleder dere til å innrede denne og tlbringe mange ferier der. Ja, du skrev i alle fal ikke at dere skal flytte dit permanent....
Kos dere masse nå.
Klem Lykkeliten
Heldige dere, tenk så kjekt. Virker som et fantastisk område dere får leiligheten i også. Blir en spennende tid for dere fremover nå. Gleder meg til å se hvordan alt blir.
Klem fra Lisemoren
spennende og stort prosjekt dere holder på med:)
Å, så spennande! Takk for titten! Rekne med at me får sjå meir ittekvart! Fantastisk utsikt:-)
Fin fisketur t dokke! Her har me oppfriska mors gamle klatre-i-berget-kunster idag, no er det badetid!
Klem
Vi e klare til tur ein gong! Ser veldig spennande ut.
Så spennende! Kan allerede se for meg hvor fint det blir! Håper på flere bilder etterhvert.
Klem Igi
waw! seier berre eg !:)
Dette blir spanande! Og medan de er der får eg trille bosset!!!!
rest og? Stakkar deg...måtte langt inn i busken med paller og greier! Tusen takk!
Legg inn en kommentar