fredag 4. juni 2010

Heimelaga

 

På skapdøra på soverommet vårt heng ungane sin dåpskjole til pynt for tida. Ikkje fordi me har umiddelbare planar om å bruka han att, men fordi eg endeleg fekk somla meg til å vaska han her for ei stund sidan. (At det tok vel 3 år treng me ikkje snakka noko meir om.......)

April 114Kjolen vart til då storebror skulle døpast, og me ikkje hadde ein dåpskjole, men i skapet hadde eg mange meter indisk silke som eigentleg skulle vera til brudekjolen min. Men sidan eg enda opp med å leiga kjole, låg silken der og berre venta på eit passande prosjekt. I eit Familien fann eg eit nydeleg mønster, og mammo vart sett på saken.

April 115

Sjølve overdelen er av brokade, og skjørtet er i silke, kanta med brokade. Etter dåpen vart kjolen levert inn til ei som broderte namn og dato på.

April 117

Underskjørtet er rett og slett laga av ein gamal lerrets underkjole...

April 118

Banda med teksten : "La de små barna komme til meg, for Guds rike hører dem til,"  hekla tanta mi.

April 120 April 119

Hua er og av brokade, og kan brukast både til jente og gut. Nyyyydeleg synes eg han vart, og no heng han altså til pynt på skapet vårt enn so lenge. Sidan eg er glad i tradisjonar håpar eg at denne kan gå i arv og verta nytta av mange små dåpsungar i framtida.

Har du ein spesiell dåskjole? Vis han fram om du vil.

God helg♥

6 kommentarer:

Tante Mimmi sa...

Nydeleg!
For gale at den heng der!

I dag kom køya opp ja! Men der må ein passe på- akkurat som på trapolinen! Trur det er ein vaksenutgåve;)!
Sikkerhetsnett, kanhende!
Fann eit bla frå 70 talet med sy oppskrift- kanskje eg må prøve! men ...ikkje i brokade;)
Kaffi! Kjenne lukta!

Tante Mimmi sa...

La med presisere: IKKJE på dåpskjole (fix ferdig!)MEN på hengekøye!
(i tilfelle du sette kaffien i halsen!)

Guttemamma sa...

Hi hi...hva en finner nederst i skittentøyskurven...:-)
Håper livet hos dere er godt for tiden og at sommervarmen har kommet til dere også! Vi har deilig varme om dagen og ninyter,en vet jo aldri hvor lenge den varer her i dette landet vårt..
klem og god helg videre♥

Dronning Maud sa...

Så nydelig! Vi bruker en dåpskjole til barna som oldemoren deres har laget. Den er nå brukt av svært mange. Koselig!

Linda S sa...

Så nydelig :)
Og så er det ekstra spesielt når den er heimelaga. Svigermor mi strikka dåpskjole til oss då vi skulle døype eldstejenta :)

Rosa sa...

Så fantastisk vakker!

Me fekk bruke dåpskjolen som mannen og systrene hans var døypt i (fleire syskenborn òg, trur eg). Kjekt med arvestykkjer, og eg er sikker på at komande generasjonar vil sjå på kjolen "din" som eit klenodie!