onsdag 2. desember 2009

Adventstid - ventetid

 

Ventetida kortar me med ein adventskalender. Eg har lurt litt på korleis eg skulle gjere det i år. Tidlegare har me hatt sjokoladekalender, som me stort sett har gløymt å opna, men no er ungane så store at eg ville finna på noko anna. Pakkekalender med gåver til begge to kvar dag, var heilt uaktuelt. For det fyrste hadde vimsete meg, aldri klart å få 48 pakkar på plass før 1.desember, og for det andre har eg ikkje lyst til å bruke mykje pengar på kalenderen. Eg synes ventetida kan handle om noko anna enn pakkar, dei kan me gøyme til julafta. Heldigvis kom naboen med eit glimrande forslag, som eg kasta meg over med ein gong. Her er resultatet:

Desember 09 021

Sjølve kalenderen har eg brodert ca halve, og så overtok ei snill tante av meg, og fullførte resten;) Observante lesarar vil sjå at eg ikkje har sett ringar på, og nett no trur eg faktisk ikkje eg kjem til å gjera det heller.

Desember 09 010På denne måten dekkar ikkje pakkane over biletet, og me slepp å sjå på alle dei fristande pakkane som heng att. Sidan eg har sagt eg ikkje skal ha pakkekalender, lurar du kanskje på kvifor det heng pakar på kalenderen............Inni pakkane ligg det figurar frå ei Playmobil julekrubbe, og me set inn nokre figurar kvar dag.

Desember 09 013 

Så langt har me fått på plass engelen Ariel og engelen Gabriel           ( som storebror høglytt fastslo ikkje var ein engel men ein bonde, som atpå mangla capsen.........) frå Simon Flem Devold si adventsbok.

Desember 09 011

Det er nemleg del tre. Kvar dag les me eit kapittel frå denne kalenderboka, og i løpet av adventstida får me sjå om Ariel klarar å synge Ære Være Gud i det høyeste, i staden for Elle melle Gud i det høyeste.  Ungane synes det er kjempekjekt, og eg kosar meg med historien eg og. I tillegg synes eg det er kjekt å prøve å finne figurar som passar til dagens avsnitt.

Desember 09 017

Tusen takk til tante mimmi for tips til ein super kalender, som faktisk fokuserar på kva ventetida og jula handlar om - Jesus. Og når ungane vert større fortset me berre med neste steg, min julekalenderfavoritt - Jostein Garders Julemysteriet. Foreløpig er det min julekalender, og er varmt å anbefala til litt eldre ungar, og vaksne :0)

Desember 09

Her har eg forresten ei etterlysning. Er det nokon som har den "blå" praktutgåva av julemysteriet, og som ikkje brukar den? Vil du selja den så ta kontakt, for eg skulle veldig gjerne hatt akkurat den utgåva. I denne utgåva er det, som du ser på biletet, skore eit hol i den kvite sida framføre biletet, slik at det vert nesten som ei kalenderluke, og så må du ble om for å sjå heile biletet. I seinare utgåver er biletet berre trykt på denne sida........Som sagt, står denne utgåva berre og samlar støv hos deg, så ta kontakt;)

6 kommentarer:

Guttemamma sa...

Hei vennen! Har den boka,og selger den aldri...skjønner godt at du ønsker deg den!! Visste ikke at playmo har krybbe,det var jo virkelig genialt!! Ellers må jeg si at skrubben jeg fikk av deg er kjempegod,den er i full bruk!!
klem

Lisemoren sa...

Hei Henriette.

Vi to har samme advents-bokfavoritt. Jeg har sogar praktutgaven, men den er det desverre ikke aktuelt å selge. Skjønner godt at du ønsker deg den, får håpe etterlysningen hjelper.

Mine unger er blitt så store at jeg har gleden av å lese den for og sammen med dem, så du har å se frem til.

På jobben derimot, leser vi også Simon Flem Devolds adventsbok, noe som er veldig populært. Men ungene er helt på linje med gutten din, for som en av dem slo fast " det derre e ikkje nokken engel, han bare later... !!!!" En annen mente bestemt at det måtte være snakk om en som kunne trylle. De syntes han lignet på en trollmann.

Det spørs om det var dette kunstneren hadde tenkt at barna skulle få ut av bildet hans, he,he. Om lille Ariel derimot var det ingen tvil, han var en engel.

En annen bok barna på jobben min elsker er Julegrøten, og en bok som heter Julenissen og den magiske trommen. De må du prøve å få tak i til ungene dine, for tegningene inni dem er så artige. Historiene også.

Kjekt med innlegg fra deg igjen. Ønsker deg en flott adventstid. Klem fra Lisemoren

Rosa sa...

det var ein fin og lur julekalendar de hadde! eg håpar storesyster får utbytte av julemysteriet... kanksje ho er i minste laget med sine 5 år? No er det uansett "for seint", for no er me igang. Prakteksemplaret du nevner høyrest ut som det eg har fått tilbud om å låne hjå sjefen min. Trur eg skal slå til på det :)

PS: Kosleg å sjå deg på bilde under!

mali-mo sa...

Så flott julekalender ja, så den inne hos Mimmien ;) Tenker det må være kjekt me dnoe å samles om.

Lillemalien får sin første pakkekalender i år, med pakker ja. Tror det er vel så mye mitt behov for å skjemme henne bort som hennes ønsker...hun vet jo ikke hva en kalender er da ,) Men akkurat denne julen synes jeg liksom at alt må være lov. Høsten har vært tung nok for henne også stakkars liten.

Må få takke deg for omtenksomme ord inne hos meg. God helg!

Beate sa...

Flott måte å markere adventstiden på. Jeg ønsker meg så veldig den kalenderen til Simon Flem Devold, men den er vel ikke å få tak i lenger tror jeg, eller?

Linda S sa...

Artig å sjå at du har samme adventskalender som eg har i hus, men min er heller ikkje ferdig... ikkje halvveis ein gong. Men kanskje eg kan finne ein vennlig sjel som vil gjere mine ferdig også, eller eg kan begynne på den igjen no ;)

Heldigvis har eg ei snill bestemor som har brodert to andre kalendere til meg.