fredag 3. juli 2009

Hola!

 

Juni 201

Då var me attende etter 14 herlege dagar på Mallorca. Store og små har kost seg, slikka sol, bada og hatt Ferie med stor F!

Juni 199

Men eg må tilstå at me fann ut at me ikkje var typen til å liggja rett ut i sola i 14 dagar utan anna å gjera å gå mellom bassenget, stranda, matsalen og romet. Dermed enda me opp med å leiga bil og kjøyra til Palma to dagar i løpet av dei to vekene me var der Me besøkte Marinland ein dag og Palma akvarium ein dag, og sistnemde kan anbefalast på det varmaste!!!! Her er nokre små glimt derifrå. Er du i nærleiken så ta turen innom!!!!

Palma

Men det var godt å koma heim att og. Her er jo reine sydenstemninga, og me har vore på stranda og testa badetemperaturen, som var like god som Middelhavet. I dag tilbrakte me ettermiddagen på sjøen saman med mor og far i nabohuset. Deilig når naboen kan tilby båttur i varmen:) Når ein kan stå på dekk og fiske i bikini klokka 20.30, då er det verkeleg sommar, og like flott som syden:)

No gler eg meg til å få oppdatert meg i blogverda, og forhåpentlegvis få lagt att ein komentar eller to.

3 kommentarer:

Lotta sa...

Velkommen til gamle landet.. :) Fine bilder du viser frem...fikk jammen lyst på en liten ferietur jeg nå! Ønsker deg en god helg..
Klem klem fra Lotta

Tante Mimmi sa...

mmm! Flotte bileter!
Fiskar du i bikini! Kult!
Er du klar over at no er du allereie nøgd! 2 kommentarar!
så nyter me varmen litt til då!
Stilig colage nederst- dette må me prate om;)

Guttemamma sa...

Herlig å ha deg tilbake!!! Ser ut som dere har kost dere:-) Ja,har det ikke blitt hvitt og fint hos oss....du begynner å kjenne meg, har jo ikke malt denne gangen heller jeg...klem