fredag 5. juni 2009

Nett rot

Handlenett_peon2

Eg er blandt dei som synes at det er ein kjempeflott ting å bruka handlenett i staden for plastikkposar når eg er ute å handlar. Eg har fleire gode variantar i hus. Eit par store svarte frå Coop kjeden, eit stort raudt med påskrifta "Store poser lønner seg" , frå Ica Maxi, (Er litt usikker på om store posar på Ica Maxi lønar seg for meg eller Ica Maxi...........) og eit par mindre stoff nett frå Sykepleierforbundet, Norwex og andre kjekke aktørar. Desse netta har god plass, og rivnar ikkje for den minste ting i tillegg til at dei er miljøvenlege:0) Med andre ord er handlenett tingen.

untitled coop

Det er berre eit problem: Eg må hugsa å ta dei med meg når eg handlar!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Legg dei i bilen tenkjer du no. Jada, eg har lagt dei i bilen, og der ligg dei fortsatt når eg står i kassen og skal betala!!! Eg kan jo sjølvsagt kjøpa eit nytt handlenett, som heng attmed kassen, i staden for å kjøpa ein pose, men eg er litt usikker på om det er miljøvenleg å ha ørten handlenett liggande? Dersom alle skal ha så mange handlenett vert det vel ein del utslepp og andre rare ting når dei vert produsert?

handlenett__krysantemum__bomull

Eg trur nemleg det er fleire enn meg som slit med dette problemet. Dyrt vert det og i lengden om ein skal halde på å kjøpe handlenett. Dermed endar eg rett som det er opp med å ta ein pose i staden, men helst ein av det (litt) miljøvenlege slaget dersom det er mogleg. Ein kan sjølvsagt sy handlenett sjølv, og bruke gamle tekstilar om att. Meir meiljøvenleg enn det går det vel ikkje an å verta, men med den tida det tar meg å sy noko som helst, har eg kjøpt maaaaaaaaange posar før eg kan putte ting i eigenprodusert handlenett.

439658616b0e9be86a49e1b52a7c175d_image_360x360

No lurar eg på om det er mogleg å lage ein slags oppbevaringsstad for handlenett på butikkane? Dei gongene ein hugsar å ta med seg handlenett kan ein ta med seg mange og legge i haugen, og så kan ein forsyne seg der når ein gløymer å ta med seg handlenetta inn. Eller kanskje butikkane kan lage ørsmå oppbevaringsboksar, med plass til godt samanrulla handlenett, så kan ein leige seg ein slik boks til alle handlenetta, og hente dei der når ein handlar. Einaste problemet då er at ein må hugse nøkkelen......................

handlenett__sommerfugler__bomull

Har du eit godt forslag til korleis eg kan løysa problemet, vert det tatt i mot med takk.

Ha ein flott dag, eg skal ta med meg handlenetta på helgehandel;)

Alle bilete er henta frå Google. Trykk på bileta så kjem du til sida du der bilete er henta;)

12 kommentarer:

Guttemamma sa...

He he,høres velkjent ut...ingen gode råd fra meg,men si fra om du finner på noe genialt!! God helg til deg og gjengen,klem

Toril (foreldremanualen) sa...

Jeg "lider" av det samme selv, men egentlig har jeg jo "sammenleggbare" nett som jeg kunne hatt i veska til enhver tid. Og da må man jo selvfølgelig ha en i hver veske, ellers er man jo like langt så fort man bytter veske.

Linda S sa...

Har det som deg... Har eit par handlenett, og dei ligg i bilen- og så kjem eg på dei når eg står og betaler varene mine ;)

in my garden sa...

He he,jeg deler helt klar denne lidelsen med deg.Har noen slike nett jeg også,men det er det å ta dem med da...

Anonym sa...

Velkjent det der... en god ide at butikkene skal ha et "samlested" for handlenettene! Kanskje noe å foreslå for den lokale butikken?

Ha en fin helg!

Rosa sa...

Eg må innrømme at eg ikkje har eit einaste handlenett. Huff og fy. men eg har sett at nokon butikkar har slike som blir veldig små, og som passar i ei veske eller jakkelomme. Då må du sjølvsagt hugse å putte dei oppi lomma eller veska når du har pakka ut varene frå dagens handel, og kanskje tilogmed ha ei i kvar jakke/veske?

nei, ikkje veit eg. Ein "gjenbrukskasse" for handlenett i butikkane var vel eigentleg den beste idèen for oss om har nok med å få med oss sjølve på handleturen ;)

God helg!

Anita sa...

:-) kjenner meg veeeeldig igjen her ja...har heller ingen god løysing...men pengetasken kjem me jo på å ha med oss når me ska handla...så koffer er det så lett å gløyma handlenettet???? :-) rart det der...

PS:...dugnad...hm...hagehjelp...detvar ein god ide ja...hehe...

Ha ein fin fredagskveld!!
Klem Ada

Solveig sa...

Hei:)
Takk for hilsen.
Hvordan er det med deg og dine søte små da??
HEhe,veldig kjent problem!
Du har helt rett i det du sier..
JEg som ikke er i jobb har jo somregel muligheten til å huske på dette. Men er man i jobb, og/eller har unger i hus så er det vell ikke akuratt noen rolig dag som jeg har. Hm, litt av et problem ja! De skulle hatt noe system på d. For d blir jo som du sier, ikke miljøvennlig å kjøpe nye hele tiden. Har desverre ikke tips å komme med.. Annet enn å ha et eller to nett veldig fint brettet sammen i veska;)?

Ha ei strålende helg:)

Tante Mimmi sa...

Hei Henriette og alle andre damer!
No skal de høyra!
Dette har eg forska på!
Når eg har handla og nettet ligg i bilen...er det kun straffetiltak som gjeld- og dei er retta mot syndaren(meg) - då er det slik at eg legg alle varene opp att i handlevogna (som går raaasande fort når eg samanliknar meg med frua vedsidenav som puttar i plastposane sine) køyrer VOGNA ut til bilen, og puttar i ro og mak varene opp i posane som ligg å ventar!
Sååå er var det løyst! Neste!! Skråband????;)
Men..innimellom kjem eg dinglane med plastposar eg også..men eg skjemst og smyg meg rundt livredd for å bli ferska!
(Du må skrive navn på Unni sitt handlenett og linke- det er ho vel undt!)
See jou!

Tante Mimmi sa...

å! For sei som mia! den siste i kursiv såg eg ikkje! begynner å bli gamal...beklager!

Løvetann sa...

Hei. Enig med Ada. Svært sjelden du står i butikken uten Visakortet. Dermed er konklusjonen at du trenge ikkje ha med nåke nett derfor anstrenger du deg ikkje for å huska på det heller. Eg opplevde til min store overaskelse å komma i kassen på SPAR og der var det heilt KRISE. Dei var faktisk tom for poser og køen forran kassen berre hopa seg opp. Folk blei jo dritsure og måtte gå uten varer. EG derimot hadde som vanlig med meg et lite nett(grønt med rosa prikkar i et etui) og kunne vandra glad ut med varene mine!
Det er rett og slett ein vanesak.
Men det tar tid å venna seg til det.

Fjordheim sa...

Ikke alltid lett å huske disse handlenettene. Jeg bruker å legge tomme flasker oppi nettene slik at jeg i hvertfall husker å ta de med den gangen jeg panter flasker. Ellers er jeg blitt ganske flink, men noenganger ligger de igjen i bilen. Må nok innrømme det.
Men det er som med de fleste gode vaner, etterhvert blir det en god vane å ta de med seg.
Lykke til :)