torsdag 30. april 2009

Det er fali det…….

 

Å gå på Plantasjen litt på impuls, det er fali det. Skulle berre sjå kva dei hadde, og plutseleg fann både det eine og det andre vegen opp i handlekorga;)

Henriette 048

Noko som har stått på ynskjelista i eit par år er Oliventre, og i dag slo eg til. Dette flotte treet, og den fine potta passa perfekt på verandaen saman med urtene mine, og det gamle værbitte IKEA bordet. Den kvite zink kanna falt eg pladask for, og putta ho full fart opp i korga medan eg prøvde å unngå å sjå på prisen.

Henriette 060

Medan eg framleis prøvde å lukka augene og skunda meg til kassen, passerte eg ein reol med nyankomne Pelargoniar, og der stod desse nydelege slyngpelargoniane og berre venta på meg.

Henriette 057

Ein av dei berre “ramla” opp i korga mi slik at eg fekk sjekka prisen – kun 39,90 – nesten gratis. Plutseleg var eg den lukkelege eigar av 6 slyngpelargonia. Fire fantastisk vakre mørkerosa/raude og to søte lyserosa. Gjett om eg har flotte verandakassar:)

Henriette 053

I tillegg hadde eg vist med meg heim tre andre “vanlege” pelargonia og………..Plantasjen, det er fali det, men akk så kjekt.

Ha ei flott helg. Eg skal nyta blomane mine:0)

4 kommentarer:

Svigerinno sa...

Hmmmm.... kanskje eg må senda deg ut med kortet mitt i år og så kan du få kosa deg i ein ekstra hage.... sjølv om vi ikkje har konfirmasjon.... Eg sitte lika godt i stolen i dag og eg og lese bloggar. Men eg skulle jo tatt ein tur ut, fortsatt ein del rakearbeid att. Kanskje det er fint ver i morgon, eg kan jo sjå om eg har lyst då.... I morgon, i morgon, men ikkje i dag....

Tante Mimmi sa...

farlig ja! Knall farlig! Lika farleg som sjokkolade! :)

Anne på Moseplassen sa...

fylt slyngpelargonia? Så fin den var :)
Sånne handleturer kan fort utarte seg litt ja....

Guttemamma sa...

...velkommen i klubben:-)