På fisketur i bekken med makkespann og fiskeveske.
Vera med og agna kroken, og koma stolt attende med fangst.
Heldige me som har “bonusbesteforeldre”:0) Takk tante og onkel for ein koseleg ettermiddag.
På fisketur i bekken med makkespann og fiskeveske.
Vera med og agna kroken, og koma stolt attende med fangst.
Heldige me som har “bonusbesteforeldre”:0) Takk tante og onkel for ein koseleg ettermiddag.
Foreløpig er det ikkje så mykje å ønske velkommen til, men kanskje til neste haust????? Neste haustferie håpar eg me tilbringer i eigen leilighet i Beit Jala.
Dette er trappa ned til inngangspartiet vårt. “Halvmuren” mellom søylene har me fått fjerna til stor forundring for bygningsfolket. Vindauga innafor er nemleg inn til soverommet, så her burde det absolutt vera eit skille meinte dei. Gje oss god plass til møblar, stæsj og kanskje nokre oliventrer, tenkte mor, og sidan husbonden var enig er muren no historie:0)
I tillegg er den smale tarmen bort til inngangspartiet blitt utvida, og er like brei som muren de ser i høgre bildekant. Så no har me god plass til å nyyyyte grilling og seine kveldar.
Her står fotografen med ryggen til inngangsdøra og ser inn i kjøkkenet rett fram, og stova inn til høgre. (Med den blå bøtta) Det kjem opp ein vegg mellom den veggen bygningsfolka støttar seg på, og den “søyla” mor i nabohuset står framføre.
Frk. dings og storebror utforskar territoriet, og fann bassenget dei blanda betongen i særs interesant. For dei som lurar, skal det ikkje vera der i framtida, sjølv om det kunne vorte ei fin lita fontene;)
Her ser me mot inngangsdøra, stova til venstre. Eg håpar me kan få plass til ein lekker skyvedørsgarderobe frå IKEA mellomvindauga og veggen. Kjem litt an på djupna……Til og med husbonden har vorte så skandinavisk at han ynskjer sko og jakke fri sone innomhus……;) Og IKEA finst til og med her….I Tel Aviv ca 1 times køyring vekke.
Eigentleg er dette ein DIGER leilighet på over 300 kvadrat,men me deler den i to, og leiger vekk eine delen. Dermed kjem det opp ein vegg mellom “søyla” og den originale kjøkenveggen slik at buen til høgre i biletet er inne i den andre leiligheten. Kjøkkenet vert då på den veggen som kjem opp, og så vert det spisestova inn i høgre biletkant,som då er rommet på biletet under.
Vindauga husbonden og arbeidsfolka står framføre vert gjordt om til ei dobbel skyvedør i glas, med ein liten balkong utanfor, og utsikta ser de på biletet under. Panoramautsikt over Beit Jala, og Betlehem.
Midt i biletet ser de eit "kulturhus” som opna medan me var der nede, og bakom det ligg det ein liten park med leikeplass for ungane. På sida av kulturhuset vert det no bygd hotell, den store opne plassen vert ballplass, og ved sidan av ballplassen vert det symjebasseng. Alt er innan gåavstand frå leiligheta. Verken fine leikeplassar, parkar eller basseng veks på tre i dette området, så me er kjempeheldige. Svigers bur i same veg som kulturhuset berre litt utanfor høgre biletkant.
Soverom og bad er ikkje så interesant å vise fram, men snart skal de få sjå flisene me har plukka ut, og baderomsinnredning og kanskje draumekjøkenet……….;)
Ha ein flott dag. Me skal ut å fiske aure i bekken:0)
Priveligerte er me som kan reise til familie i Palestina. 3 veker hos svigers i Beit Jala, 1km frå Betlehem, der ungane fekk nyplukka druer, fiken og Granateple frå naboen sin hage.
Spanande og eksotisk for både store og små:0)
I framtida vert det nok hyppigare besøk, då me har kjøpt oss leilighet der nede. So langt er det berre betongveggar og golv,men fliser og baderomsinventar er bestilt……Skal vise bilete om litt;)
Ha ei flott veke.
Klem
Må berre dela litt av hagen min med dykk. Ein hage full av gamle roser og Peonar er draumen, og litt er på plass.
Det er første året Peonane mine verkeleg blømer, og eg får rett og slett ikkje nok.
Det øverste bilete er av rosa under, som kjem frå hagen ved somarhuset vårt. Nyyyydeleg rose med fantastisk lukt.
Eg var så heldig og vinne jubileumskonkuransen inne hos Rosa , og her om dagen ramla ein kjempekoseleg pakke ned i postkassen.
Tuuusen takk. Eg vart SÅ glad, og kokeboka skal få bu i sommarhuset vårt, medan skåla allerede har fått plass på bordet:)
Ellers så må eg be om ei audmjuk unskulding til alle eg skulle ha vore innom, men ikkje har besøkt. Eg lovar eg skal verta flinkare når ting fell litt meir på plass…………Ha tolmod med meg;)
Ha ei flott veke:0)
…………var forsåvidt det eg gjorde i formiddag. Skulle sitte inne og skrive forretningsplan, men i staden gjorde eg dette:
…tok kamera med meg……………….
……………fann den nydelege rosebusken full av travle humler……….
No skal eg ta meg saman og skrive litt……….
…..humla har sust vidare. Hugs å stoppe opp, lukte på rosene og la humla suse innimellom:)
Denne helga har me tilbrakt i midt private paradis på hytta. Ingen ting for meg er meir sommar enn det å gå den smale vegen ned til sjøen, medan sola skin og lukta av salt sjø kitlar i nasa. Når me kjem til det siste stykket ser me nausttaka og sjøen innrama av grøne trær. Å få gje dette vidare til ungane mine, er eit privelegium.
Bortsett frå å slå plenen – som er stooooooor- gjorde me ingen ting anna enn å kosa oss og nyta livet;) Hærleg:) Lurer du på kvifor det er så stilt på bloggen for tida? Eg kan ikkje sei så mykje, men eg jobbar med å realisera ein draum eg har hatt lenge. Går alt i boks skal de få veta kva som skjer,og fell det heile i fisk forbigår me det i stillhet;) Men enn så lenge vert det sporadiske oppdateringar.
Ha ein flott Juni:)
På skapdøra på soverommet vårt heng ungane sin dåpskjole til pynt for tida. Ikkje fordi me har umiddelbare planar om å bruka han att, men fordi eg endeleg fekk somla meg til å vaska han her for ei stund sidan. (At det tok vel 3 år treng me ikkje snakka noko meir om.......)
Kjolen vart til då storebror skulle døpast, og me ikkje hadde ein dåpskjole, men i skapet hadde eg mange meter indisk silke som eigentleg skulle vera til brudekjolen min. Men sidan eg enda opp med å leiga kjole, låg silken der og berre venta på eit passande prosjekt. I eit Familien fann eg eit nydeleg mønster, og mammo vart sett på saken.
Sjølve overdelen er av brokade, og skjørtet er i silke, kanta med brokade. Etter dåpen vart kjolen levert inn til ei som broderte namn og dato på.
Underskjørtet er rett og slett laga av ein gamal lerrets underkjole...
Banda med teksten : "La de små barna komme til meg, for Guds rike hører dem til," hekla tanta mi.
Hua er og av brokade, og kan brukast både til jente og gut. Nyyyydeleg synes eg han vart, og no heng han altså til pynt på skapet vårt enn so lenge. Sidan eg er glad i tradisjonar håpar eg at denne kan gå i arv og verta nytta av mange små dåpsungar i framtida.
Har du ein spesiell dåskjole? Vis han fram om du vil.
God helg♥
På laurdag kjøpte eg litt blomar til verandaen, slik at uteplassen min kunne byrja å likna på bileta i innlegget under. I dag vakna eg til DETTE:
Nokon har gløymt å skru opp termostaten!!!!
Ja, ja, eg slapp i alle fall å slå plenen i dag, og i rein protest kjøpte eg litt meir blomar - dog nokre som tåler litt frost........
Ha ei god natt♥
NIB har ein komkuranse gåande, der me vert utfordra til å vise fram uteplassen vår. Desse bileta er frå min uteplass på verandaen. Her er det deilig å nyyyyte late sommarkveldar.
Her vart fjorårets siste jordbær fortært ein sein augustkveld i fjor.
Når sola skin er det deilig å sitte i solveggen med ein kopp kaffi. Ungane har fått sin eigen plass med stolar, bord og pararsoll. Stor stas:0) Under taket heng jordbæra, og bakom den største lykta står det både Mynte, timian og rosmarin:0)
Eg håpar på mange kaffipausar på verandaen i år og. Velkommen om du skulle få lyst på ein pause;0)
No høyrdest dette nesten litt snuskete ut, men her vert det ingen skumle detaljar, berre litt interiør. Eg har trass alt lova dykk det tidlegare, og ein skal alltid halde det ein lovar:)
Dette er berre eit bilete for å vise at eg har klart å få opp gardinene:)
Her er eit tappert forsøk på å vise tapeten. Det er verkeleg tapeten som "gjer" heile rommet. Kvit botn, med eit nydeleg sølvaktig mønster.
Nattbordet er eigentleg eit lite skap i serien "Lista" frå Skeidar. Eg syntes dei litt Snirklete detaljane mjuka opp soverommet, som ellers er ganske stramt i linjene.
Desse tre bur på hylla over senga, og verkar kanskje litt malplaserte i eit "vakse" soverom, men dei har sin heilt spesielle historie. Den vesle grå bamsen med eit lite dikt på puta sende eg til husbonden då han budde i USA eit år, og sauen fekk eg av ei venninne då eg gjekk gravid med eldste mann. Ho skulle reise vekk og viste ikkje om ho kom att før babyen var fødd, men ville at eg skulle ha gåva. Me visste ikkje om det vart gut eller jente, og eg fekk denne og ei nydeleg lita blå strikkejakke som kunne passe til begge kjønn.
Desse putene frå Turiform, med lilla tekst passa perfekt inn på soverommet, og eg klarte ikkje motstå dei.
Om husbonden la merke til forvandlinga då han kom? Så absolutt! Han ankom 02.30 om natta, og då han opna døra til soverommet og skulle gå inn stoppa han med foten halvegs inn i rommet og berre stod og stirra. Hjelpsom som eg var slo eg på lyset så han kunne få sjå skikkeleg, og han var svært så fornøgd og overraska.
Soverommet vart nett som "In my dreams....." Ha ein flott dag♥